Trong for å kombinere teknologisk og organisatorisk nyskaping. Nytt notat.

Fjordbui i Aurland kommune har til oppgåve å setje saman, profilere og selje småskala aktivitetsprodukt. Fjordbui er på mange måtar eit bindeledd mellom tilbydarane og aktuelle kundar, både turistar og andre som ønskjer tilrettelagde, men likevel ekte opplevingar i storslått natur der lokal kultur og møte med bufaste menneske inngår som kanskje det viktigaste elementet.

Ved etablering utvikla Fjordbui avanserte løysingar for online booking av produkta på Internett. I tida etter viser det seg at utvikling av nettverk mot andre reiselivsaktørar er like viktig for å nå fram til potensielle kundar, og for å skape eit fagleg og sosialt utviklingsmiljø for tilsette.

Dette er nokre erfaringar som har kome fram frå ein utviklingsprosess som Vestlandsforsking har delteke i med Aurland Natur og Kulturarv og Fjordbui, og deira medlemmer. Arbeidet har strekt seg over eit år kor Vestlandsforsking saman med dei lokale aktørane har skapt arenaer for kopling mellom dei nye småskala aktivitetstilbydarane og dei etablerte aktørane i reiselivet, så som t.d. Aurland og Lærdal Reislivslag. Å utvikle alliansar med det etablerte reiselivet er avgjerande for utvikling av småskala aktivitetstilbod. Saman vil dei ulike aktørane ha kompetanse som utfyller kvarandre for produktutvikling og marknadsføring. Andre område og aktørar vil ha nytte av dei erfaringane som er gjort i Aurland og Flåm, seier forskar Eivind Brendehaug.

Notat kan lastast ned i fulltekst: Notat 7/06: Profilering og sal av småskala aktivitets- og opplevingstilbod i Aurland kommune

Kontaktpersonar: Eivind Brendehaug