Høyringssvar på forslag til nye forvaltningsstandardar for IKT

Vestlandsforsking har levert høyringssvar til forslaget om felles IKT-arkitektur i offentleg sektor (FAOS). Rapporten som skisserer forslag til felles arkitektur vart overlevert Fornyings- og adm.departementet på slutten av 2007. Rapporten har vore på høyring fram til 25. september. Som det høge deltakartalet på høyringsmøtet 11.9 ga uttrykk for, er dette eit tema som interesserer mange. I alt har det komme inn 76 høyringssvar (!), av desse berre 4 med "ingen merknader".

Frå vår side understrekar vi det viktige arbeidet denne rapporten representerer og at den kompliserte saka er grundig behandla. Men vi etterlyser ei betre historisk forståing av problemstillingane. Hovudkommentarar elles til rapportforslaga:

•    Dei fleste av dei føreslåtte arkitekturprinsippa vil oppfattast som universelle og allmenngyldige, men ikkje alle. Vi meiner prinsippa interoperabilitet, tilgjengelegheit, sikkerheit, openheit, fleksibilitet, skalering er på eit anna nivå enn tenesteorientert arkitektur og einheitleg brukargrensesnitt.

•    Rettslege spørsmål er heilt fråverande, jfr. den svenske rapporten frå Verva om it-arkitektur

•    Brukarane er stort sett fråverande i diskusjonen – kva og kven skal arkitekturen først og fremst tena?

•    Tenesteorientert arkitektur (SOA) er for dårleg definert og forankra

•    Spørsmålet om overordna tilnærming, som t.d. EA – Enterprise Architecture, er ikkje drøfta

•    Visse sider ved SOA bør undersøkjast og drøftast nærmare

•    Manglar forankring til EU-skisserte planar, særleg EIF – European Interoperability Framework

•    Trass i mange usikre punkt, er det ikkje eksplisitt peikt på behovet for meir kunnskap. Auka forskingsinnsats på dette området ville vera ein naturleg konklusjon. Her er mange forskingsspørsmål som treng svar.

Resten av høyringssvaret vårt kan du lesa ved å opna pdf-dokumentet.
Høyringssvara elles i saka finn du på FAD sine sider under www.regjeringa.no.