Prestisjetungt oppdrag til VF/HSF

Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å gjennomføre ei evaluering av parlamentarisme som styringsform i fire norske fylkeskommunar. KS er oppdragsgivar for prosjektet.

Utgangspunktet er at KS ser det som viktig å få fram kunnskap om korleis parlamentarisme fungerer på regionalt nivå. Slik kunnskap vil vere viktig i utforminga av politiske styringsmodellar for dei nye regionane som truleg vert innførte frå 2010.

Parlamentarisme på regionnivået inneber at det politiske arbeidet i fylkeskommunen vert organisert med ei fylkesregjering (eit fylkesråd) valt av fylkestinget. Ordninga skil tydeleg mellom opposisjons- og posisjonsrolla, og medlemane i fylkesregjeringa tek over som øvste leiarar for avdelingane i fylkeskommunen sin sentraladministrasjon.

Parlamentarisme vart innført i Noreg i 1884, men først i 1986 innførte Oslo kommune ei parlamentarisk styreform på kommunenivået. Seinare har Troms, Nordland, Nord-Trøndelag og Hedmark fylkeskommunar samt m.a. Bergen kommune innført ei slik politisk organisering.

Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt evalueringsprosjekt er inndelt i fleire delprosjekt. Ein skal sjå nærare på legitimitet, kunnskap og haldningar til styreforma hjå innbyggarane. Det skal gjennomførast telefonintervju med eit utval av befolkninga i Troms, Nordland, Nord-Trøndelag og Hedmark, samt i 1-2 såkalla kontrollfylke som vert styrte etter den tradisjonelle formannskapsmodellen.

Fylkespolitikarane sine erfaringar med, og vurdering av, ei ny politisk styringsform utgjer eit viktig ledd i undersøkinga. Like eins skal ein hente inn informasjon om korleis administrasjonen opplever å arbeide i ein parlamentarisk styrt organisasjon.

Kommunane og fylkeskommunane har viktige oppgåver i den offentlege styringskjeda, og samspelet mellom forvaltningsnivåa kan variere med ulike styreformer. Fylkeskommunen si rolle inneber også å ta ein leiande posisjon i den regionale partnarskapen. Det er difor lagt vekt på å studere nærare om ei parlamentarisk styreform har innverknad på korleis dei mest sentrale samarbeidspartane opplever at fylkeskommunen fyller denne rolla.

Også media si framstilling av fylkeskommunane skal vurderast. Det skal gjennomførast ei undersøking av lokal-/regionaviser si dekning av fylkeskommunen, og dekkinga før og etter innføring av parlamentarisme vert samanlikna.

KS ønskjer å få oversikt over erfaringane ein har med parlamentarisme på regionnivået. Slik kunnskap vil vere viktig i utforminga av politiske styringsmodellar for dei nye regionane som truleg vert innførte frå 2010. Det vert mellom anna sett på som viktig å velje ei politisk organisering som fremjar synlege politiske skiljeliner og som bidreg til å skape politisk engasjement hjå innbyggjarane.

Kontaktpersonar: Ole Inge Gjerald, VF, Oddbjørn Bukve, Høgskulen i S. og Fj.