Artikkel om lokale energiutgreiingar i siste nummer av magasinet Klima

I det siste nummeret av magasinet Klima er det ein artikkel om lokale energiutgreiingar. I artikkelen presenterer og diskuterer Hogne Sataøen og Carlo Aall resultat frå ei evaluering gjennomført på oppdrag frå NVE i 2007. Artikkelen set lys på ordninga med lokale energiutgreiingar som vart innført i 2003. Det blir mellom anna dokumentert at ordninga ikkje har fungert etter intensjonen. Samstundes tematiserer artikkelen vilkåra for å drive kommunal energi- og klimapolitikk i dag. På denne måten vert det også diskutert korleis kommunar handterer og prioriterer viktige energispørsmål.

Liten effekt av energiutredning