Sogn og Fjordane-bedrifter set miljø på dagsorden

Vestlandsforsking publiserer no eit notat med resultata frå prosjektet ”Grøn bedrift” (2007-2008).  Prosjektet er utført av traineeane i Sogn og Fjordane sitt fylkesomspennande traineeprogram og har hatt som mål å auke kunnskapen om miljø og miljøvennleg drift i deltakarbedriftene i programmet.

Deltakarar i prosjektet har vore Alexandra Hotell, Domstein Fish,  Høyanger næringsutvikling (gjennom Hydro Høyanger og Høyanger kommune), Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Notatet som no er publisert av Vestlandsforsking dokumenterer arbeidet med miljø i dei ulike bedriftene. Dette strekkjer seg frå fokus på søppelhandtering, kontordrift og utslepp ved reiser, til miljøsertifisering av produkt eller av bedrifta i si heilskap. Notatet inneheld i tillegg eit referat frå ein studietur til Brüssel som vart gjennomført i mai 2008, der traineeane fekk innsikt i pågåande miljøarbeid og miljøpolitikk i EU-hovudstaden.