Klimaendringar og turisme

I mars 2007 fekk organisasjonen Experts in Climate Change and Tourism (ECLAT) i oppdrag frå The United Nations World Tourism Organization (WTO) å lage ein rapport som skulle oppsummere kunnskap om konsekvensar av klimaendringar i forhold til global turisme og også sjå på kva global turisme bidreg med i forhold til klimaendringar når det gjeld utslepp av klimagassar. Den fullstendige rapporten, skriven av 8 ekspertar inkludert Stefan Gössling ved Vestlandsforsking, vil vere klar i desse dagar.

Rapporten på 200 sider og med 500 referansar er den mest omfattande rapporten internasjonalt om interaksjon mellom turisme og klimaendringar. Eit samandrag av rapporten som blei presentert 1. oktober 2007 på The 2nd International Conference on Tourism and Climate Change i Davos, Sveits, finn de her:  Climate Change and Tourism

UNWTO