Kronikk om utprøving av befolkningsvarsling

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand skriv om befolkningsvarsling i siste utgåve av Samfunnssikkerhet. I 2010 skal Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomføre ei stor øving med befolkningsvarsling her i fylket og evaluere effekten. Testvarselet vil gå til telefonar og mobiltelefonar i eit gitt geografisk område. Utprøvinga er ein del av det internasjonale samarbeidsprosjektet Clim-ATIC, der Flora kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Vestlandsforsking er norske deltakarar.

Hindre tap av liv, helse og materielle verdiar

Grunngjevinga for demonstrasjonsprosjektet er eit klima i endring. Stensvand skriv: "Det er god grunn til å tru at framtidsklimaet vil gi auka fare for uønskte naturhendingar, som til dømes skred og flaum. Ei effektiv befolkningsvarsling vil difor vere eit viktig verktøy for å hindre at liv, helse og materielle verdiar går tapt når slike situasjonar oppstår. Dette set store krav til varslingssystemet, då ein må vere trygg på at varselet innan svært kort tid når fram til alle som oppheld seg i det aktuelle området".

 

Les heile kronikken på s.18-19 i Samfunssikkerhet