Fornybar energi - Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking satsar stort i lag med næringslivet i fylket

Vestlandsforsking  har gjennom fleire tiår markert seg som ein kompetent og anerkjend forskingsinstitusjon innafor energi- og miljøforsking. Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er det ei gryande interesse for fornybar energi innafor fleire relevante fagområde som samfunnsøkonomi, finans, marknadsføring, organisasjon og leiing, landskapsforvalting, geologi og ingeniørfag.

Ved å koordinere og utvikle alle desse fagmiljøa og ved å knytte til oss ressurspersonar i leiande forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt, har vi som mål å skape eit slagkraftig kompetansemiljø for fornybar energi i Sogn og Fjordane.

Omfang og finansiering
Forskingsprogrammet har ei ramme på vel 11 millionar og skal finansiere følgjande stillingar over fire år:

  • 1 professorat
  • 3 stipendiatstillingar

Dei tre stipenda er finansierte slik:

  • eit stipend av Statkraft
  • eit stipend av Sogn og Fjordane Energi
  • eit stipend er finansiert i fellesskap av Sparebanken Sogn og Fjordane og Forskingsrådet.

Professorstillinga er også på det næraste fullfinansiert av kraftselskapa i fylket. I tillegg til Statkraft og Sogn og Fjordane Energi er åtte lokale energiselskap inne i biletet med finansiering, ikkje alle er endeleg avgjort pr i dag.

Utfordringar knytt til auka bruk av fornybar energi
Det er ei rekkje utfordringar knytt til ønsket om å auke forbruket av fornybar energi. Det faglege fokuset i forskingsprogrammet skal vere retta mot dei samfunnsmessige rammevilkåra og moglege styringsmulegheiter for auka bruk av fornybar energi.

Programmet har ei tverrfagleg forankring der ein kombinerer samfunnsvitskapleg og naturvitskapleg kunnskap med teknologisk innsikt. Programmet vert knytt tett opp til dei nasjonale teknologiske fagmiljøa.

Fagleg avgrensing
Det er i løpet av kort tid etablert fleire program og senter for fornybar energi i Noreg. Desse er i dei fleste tilfella forankra i teknologiske fagmiljø, der teknologiutvikling står sentralt (NTNU / SINTEF / IFE, Universitetet for Miljø og Biovitenskap og Universitet i Agder).

Vidare er det sterke økonomiske fagmiljø ved Handelshøgskolen BI og Norges Handelshøgskole. For å fylle kunnskapsholet er det viktig å gjere ei avgrensing av vårt program i høve til desse programma og sentra.

Dette programmet vil fokusere på kunnskapsutvikling basert på:

  • Kunnskap om samfunnsmessige rammevilkår og styringsmulegheiter for produksjon og distribusjon av fornybar energi, herunder: miljø- og ressursmessige vilkår, økonomiske, markedsmessige og institusjonelle vilkår.
  • Kunnskap om fornybare energikjelder basert på vatn, vind, bioenergi og naturvarme
  • Kunnskap som kan formidlast til nasjonale og internasjonale fagmiljø, men som også er relevante for styresmakter og bedrifter i Sogn og Fjordane,
  • Kunnskap basert på tverrfagleg forsking
  • Kunnskap basert på teknologisk innsikt i produksjonsprosessar, avgrensa til vatn, vind, bioenergi og naturvarme.

Spesifiserte fagområde
Innafor desse avgrensingane har HSF og VF plukka ut fem fagområde som utgjer den faglege basisen for programmet:

  1. Heilskapleg miljøanalyse av verdikjeda for fornybar energi  inkl miljøanalyseverktøy, energi og ressursanalyse, berekraftig energiproduksjon og -bruk
  2. Barrierer og suksesskriterie for auka produksjon og bruk av fornybar energi
  3. Analyse av økonomiske verkemiddel og marknadspotensiale for fornybar energi
  4. Lokal areal- og miljøanalyse knytt til produksjon og distribusjon av fornybar energi
  5. Samhandling, styringsformer og innovasjon som grunnlag for næringsutvikling


Til stades på presentasjonen 21. april kl 14.00:
o Rektor Åse Løkeland, Høgskulen i Sogn og Fjordane, telefon 57 67 61 11, aase.lokeland@hisf.no
o Direktør Agnes Landstad, Vestlandsforsking, telefon 91 54 66 10, agnes.landstad@vestforsk.no
o Forskingsleiar Erling Holden, Vestlandsforsking, telefon  57 67 61 64, erling.holden@vestforsk.no
o Førsteamanuensis Kristin Linnerud, Høgskulen i Sogn og Fjordane, telefon 57 67 63 44, kristin.linnerud@hisf.no
o Regiondirektør Svein Ove Slinde, Statkraft, telefon 90 17 96 78 SveinOve.Slinde@statkraft.com
o Konserndirektør Ole S.Eikum, Sogn og Fjordane Energi, telefon 95 04 80 93, ole.schanke.eikum@sfe.no

energi-april

Frå venstre: Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane, Svein Ove Slinde, Statkraft, Åse Løkeland, HSF, Agnes Landstad, VF, Erling Holden, VF, Terje Bakke Nævdal, Sognekraft og Ole Schanke Eikum, SFE

Meir om fornybar energi