Opning av senter for geoturisme og reiseliv - seminar

Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane arrangerer fagleg seminar torsdag 3. mai i samband med opning av Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv.

Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking opnar torsdag 3.mai Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv.
I samband med opninga inviterer vi til seminar der vi fokuserer på utvikling av geoturisme - eit reiseliv som tek vare på og styrkar lokal eigenart og lokale ressursar.

- Kva er potensialet i reiselivsutviklinga innanfor rammene om berekraft og lokal verdiskaping?
- Og kva er kunnskapsutfordringane for å hente ut potensialet – knytt til verna område, knytt til eigarskapsstruktur, knytt til kvalitetskriterie, knytt til kunnskap om marknad og trendar osb osb.

Vi ønskjer velkomen til ein utfordrande og inspirerande dag med innleiarar frå fjern og nær som vil sette nye vinklingar på debatten om geoturisme og berekraftig reiseliv. Vi kan nemne Stefan Gøssling, nytilsett forskingskoordinator ved Forskingssenteret, Bjørn Krag Ingul frå Innovasjon Norge, Arvid Flagestad frå BI, Kristin Danielsen frå Norges Forskningsråd, Peter Fredman frå Etour i Sverige, Ivar Bjarne Underdal frå Verdsarvparken i Aurland og våre ”eigne” Carlo Aall, Ståle Brandshaug og Ivar Petter Grøtte. Fylkesordførar Nils R. Sandal vil stå for den offisielle opninga av Forskingssenteret.

Seminaret er gratis og ope for alle.
Kontaktpersonar:
Agnes Landstad, direktør Vestlandsforsking, tlf 91 54 66 10
Johs Thaule, rektor Høgskulen i Sogn og Fjordane, tlf 95 91 51 37

Påmelding