Frå Litauen til Sogn og Fjordane for å lære om samarbeid

Denne veka har ein delegasjon på 40 personar frå Litauen vore i fylket for å lære om roller og oppgåver for offentleg sektor. Dei vitjar også Oslo og Bergen. Studieturen er en del av eit internasjonalt EØS-prosjekt som Vestlandsforsking deltek i.

I løpet av dagane i Sogn og Fjordane har delegasjonen, som består av representantar frå myndigheitene i seks regionar i Litauen, vore gjennom eit rikhaldig program. Dei har fått presentasjonar frå både Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen, Difi, Fosshaugane Campus, Sogndal kommune og Vestlandsforsking. Dei har òg vore ved Breheimsenteret i Jostedalen og besøkt Lærdal grønt.

Representantane har fått innsikt i roller og oppgåver hjå ulike myndigheiter og sett eksempel på korleis samarbeidet mellom offentlege myndigheiter, private verksemder og kunnskapsmiljø kan gjerast. Prosjektet som er finansiert av EEA-grants (EØS-midlar) har tittelen: “Municipal institutions employees’ capacity-building in the area of management of public services processes and increasing the efficiency”.  Målet med prosjektet er å bygge kompetanse på forvaltning av offentlege tenester og effektivitet i tjenestene hjå kommunalt tilsette i Litauen.

Organisering og partnerar

Prosjektleiar for prosjektet er Dr. Rimantas Dapkus ved Lithuanian Regional Research Institute, eit forskingsinstitutt som Vestlandsforsking har samarbeidd med dei siste 10 åra. Norske samarbeidspartnarar i tillegg til Vestlandsforsking er Hordaland Fylkeskommune.

Vestlandsforsking si rolle

Vestlandsforsking si rolle i prosjektet er å arrangere studieturen til Norge, og bidra med kunnskap om det norske forvaltningssystemet. Det er forskingsleiar Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking som organiserer besøket i Sogn og Fjordane. Med seg på prosjektet har han trainee ved Vestlandsforsking Marit Haugan Hove. Ivar Petter Grøtte orienterte delegasjonen om det regionale e-helseprosjektet «Meldingsløftet», som er eit god døme på eit innovasjonsprosjekt som møter behova til både helsevesenet, kommunane og brukarane på ein god måte.

Les meir om EEA-grants og prosjektet her: http://eeagrants.org/,  http://eeagrants.org/project-portal/project/LT10-0019