Lansering av framtidsfylket.no

Ein ny portal for rekruttering og karriere i Sogn og Fjordane blir lansert på IT-forum 26.september. Ni traineear står bak det ambisiøse prosjektet.

Av Idun Husabø Anderssen

Framtidsfylket.no er resultatet av eit års målretta arbeid for å skape ein portal som synleggjer breidda og mangfaldet i arbeidslivet i Sogn og Fjordane. Dei som står bak portalen har i eitt år vore tilsette som traineear i fire verksemder – Vestlandsforsking, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høyanger Næringsutvikling og Sogn og Fjordane Energi. Portalprosjektet har vore del av skoleringa deira i bedriftene, men har òg hatt sterke innslag av frivillig innsats og idealisme.

Skal vise mangfald
Hovudelementa på portalen er verktøy som set arbeidssøkarar og arbeidsgjevarar i kontakt med kvarandre. Arbeidssøkarar kan registrere seg med ein kort kompetanseprofil som bedriftsleiarar kan lese i jakta på nye tilsette. På same måte får arbeidsgjevarar høve til å leggje ut bedriftsprofilar som viser kva kompetansebehov dei har nett no. Portalen har òg stillingsannonsar, utlysingar og lenker til eksterne søkemotorar for ledige stillingar. I tillegg kjem undersider som synleggjer kva som rører seg i fylket gjennom artiklar, bloggar, nyheitsbrev, ein kulturkalender og eigne kommune- og regionsider.

Breitt forankra
Framtidsfylket.no har frå starten av vore forankra i fleire bedrifter med eit sterkt ønske om å skape nettopp ein slik portal. Finansieringa har kome på same vilkår, og her har det offentlege bidrege sterkt, i tillegg til fleire næringslivsorganisasjonar. Frå og med lanseringa er det NHO Sogn og Fjordane som driftar portalen. Ei gruppe ressurspersonar i regionane fungerer som redaktørar for mykje av innhaldet på portalen og i den tilhøyrande avisa Framtidsfylket, som mellom anna blir eit viktig verktøy for rekruttering på planlagde studentmesser i 2008.

Kontakt forskar Idun Husabø Anderssen for meir informasjon om prosjektet. Portalen blir tilgjengeleg på www.framtidsfylket.no frå 26.september 2008. Annonsering skjer gjennom Inform Media.

Informasjon til næringslivet om framtidsfylket

Brosjyre om framtidsfylket