Frå Førde til Barcelona

Vestlandsforsking har sidan i vinter arbeida med utvikling av informasjonsarkitektur for Førde kommune og nabokommunane. Arbeidet er knytt til etablering av nye kommuneportalar for Sunnfjordkommunane. I dette arbeidet har vi trekt inn samarbeidspartnaren Netlife Research, eit Oslo-basert rådgivingsfirma som må reknast å vera med dei beste i landet på utvikling av brukarvennlege nettsider.

Informasjonsarkitektur handlar om å byggja opp og organisera store nettstader. Det er mange parallellar til arkitektur generelt: fasadar skal teiknast, romløysingar planleggjast og tilgang og tilkomst både til rom, hus og plassar er viktig. Faget informasjonsarkitektur tek opp i seg mange sider av vanleg arkitektur og tilrettelegg det for bruk på nettet. IT-fagleg ligg temaet i skjeringspunktet mellom informasjonsteknologi og biblioteksfag.

I arbeidet for Førde og omegn har to tema vore sentrale:
  1. Utvikling av ein god informasjonsstruktur for portalane
  2. Bruk av kjernesider som den sentrale presentasjonsmåten
Vestlandsforsking har hatt hovudansvaret for det første temaet medan Netlife Resarch har vore ansvarlege for kjernesidemodellen. Begge desse tema har fått plass på den prestisjetunge konferansen Euro IA Summit 2007 i Barcelona og skal presenterast av dei før nemnde aktørane. Dette er også dei einaste norske presentasjonane ved konferansen. Noko må me ha gjort rett...

Ansvarlege for prosjektet ved Vestlandsforsking har vore forskar Svein Ølnes og systemutviklar Nils Arne Hove .