Ope seminar i Balestrand om berekraftig reiseliv

Regjeringa løftar fram berekraftig reiseliv som eitt av tre hovudmål i sin ferske reiselivsstrategi ”Verdifulle opplevelser”. Eit anna sentralt element i reiselivsstrategien er auka verdiskaping og produktivitet gjennom m.a. å auke tal utanlandske turistar til Noreg.

Kva er eit berekraftig reiseliv? Er det muleg å forene mål om volumauke i reiselivsnæringa og dermed auka transport og belastning på lokalmiljø med mål om reduksjon i klimabelastning og auka berekraft? Ei slik utvikling krev kunnskap om korleis dei miljø- og klimamessige konsekvensane av auka reiseaktivitet kan reduserast og den lokale verdiskapinga i reiselivsnæringane kan aukast i ein vinn-vinn situasjon.

Dette er  store problemstillingane som opptek reiselivsnæring, forskarar og politikarar internasjonalt og nasjonalt. Med den nye reiselivsstrategien til Regjeringa, har Noreg plassert seg i internasjonal front for utvikling av berekraftig reiseliv.

Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv (Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane) og Innovasjon Norge samarbeider på oppdrag frå NHD om å gi målet om eit berekraftig reiseliv eit kunnskapsfundament og eit praktisk innhald.

Den 27.-29. mai samlast nokre av verdas fremste forskarar innan berekraftig reiseliv og inviterte representantar frå reiselivsnæringa, regjering og forvalting i Noreg for å diskutere korleis Noreg kan bli verdas første berekraftige destinasjon. I den samanheng inviterer vi til

Ope seminar om utvikling av Noreg som berekraftig reisemål
27.mai kl 17.00 – 19.30 på Kviknes Hotell i Balestrand.

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete vil opne seminaret. Elles kan vi nemne Per Morten Vigtel frå Forum for Reiseliv, Kristian B.Jørgensen frå Fjord Norge, Per Arne Tuftin frå Innovasjon Norge og Stefan Gössling frå Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv alle vil bidra med innleiingar.

Seminaret er gratis og ope for alle, men vi ber av praktiske omsyn om elektronisk påmelding innan måndag 5.mai her:

Påmelding: Ring Vestlandsforsking tlf. 57676151

Program

I etterkant av seminaret er det godt høve til å vidareføre diskusjonane over ein god middag i nydelege omgjevnader på Kviknes Hotell (gjerast opp direkte med hotellet).

Vi ønskjer velkomen til ein utfordrande og inspirerande ettermiddag med innleiarar frå fjern og nær som vil sette nye vinklingar og opne nye perspektiv i debatten om berekraftig reiseliv.

NB. Eit internasjonalt ekspertpanel vil være til stades, og alle føredraga vil bli haldne på engelsk.