Konferansen Topic Maps 2008
Dato:
15.11.2006
Konferansen Topic Maps 2008 er ein internasjonal konferanse med utgangspunkt i den semantiske standardarden Topic Maps (Emnekart). Det er ein standard for å organisera informasjon og den er mykje brukt i Norge, særleg til web-portalar. www.vestforsk.no byggjer til dømes på emnekart-teknologi.
Vestlandsforsking er representerte med utstilling på konferansen som representant for Ressursnettverk for e-forvaltning. I ressursnettverket, som er støtta av Forskingsrådet, har Vestlandsforsking eit spesielt ansvar for interoperabilitet - samvirke mellom it-system. Det er akkurat det emnekart handlar om, og på konferansen er ein stor del av deltakarane frå offentleg sektor så det passar godt å profilera ressursnettverket der.
Svein Ølnes representerer Vestlandsforsking og ressursnettverket på konferansen, og han bloggar "live" frå konferansen på sin eigen blogg.