Vestlandsforsking startar forskingsblogg

Vestlandsforsking startar i dag den første forskingsbloggen på verksemdsnivå her til lands, i alle fall så langt vi kan sjå. Vi har vore så heldig å få statsråd Heidi Grande Røys til å opna bloggen med det første innlegget.

Vestlandsforsking gjorde i 2006 eit kvalitetsløft på vevsidene gjennom å byggje nye semantiske vevsider ved hjelp av emnekart-teknologi. Vi brukte dette prosjektet til å utvikle kompetanse internt på ny teknologi, og vi har fått god utteljing i form av betre samanheng mellom dei ulike delane av portalen. Tilbakemeldingane på dei nye sidene har vore gode.

Neste steg for oss er å etablere ein blogg. Med det ønskjer vi å syne openheit og invitere til innspel, synspunkt og kritikk på forskingsarbeidet vårt. Vi tenkjer på bloggen som ein av fleire nye kanalar for medverknad frå innbyggarane. Dessverre er blogg i liten grad teken i bruk som formidlingsform i meir ”seriøse” organisasjonar – førebels. Å leggje til rette for blogging er ei form for demokratiutvikling i brei forstand; ein lågterskelmåte å få folk flest i tale på. Ved å leggje ein blogg på vevsidene våre ønskjer vi å prøve det ut som dialogarena på seriøse område.

Dei tilsette ved Vestlandsforsking vil skriva innlegg til bloggen etter tur og innimellom vil vi invitere gjestebloggarar. Velkommen på www.vestforsk.no både som lesar og skribent på bloggen vår.

Første innlegg - av statsråd Heidi Grande Røys