Kinesisk klimabesøk

Representantar for ei av verdas største aviser og Kina sitt offisielle nyheitsbyrå vitja onsdag Vestlandsforsking og Norsk Bremuseum. Målet for reportasjeturen var å lære om forsking på klima og formidling av kva klimaendringar kan få å seie.

Dei kinesiske mediefolka var i Noreg for å følgje nobelprisutdelinga, men ville utvide turen til Vestlandet. Yang Jian er sjefredaktør for vitskap og forsking i den landsdekkande avisa Folkets Dagblad (Rénmín Rìbào), som har eit opplag på 3-4 millionar og kjem ut på sju språk verda over. Wu Ping er Sverige- korrespondent i det offisielle kinesiske nyheitsbyrået Xinhua.

I Sogndal fekk dei to ei innføring i Vestlandsforsking sitt arbeid med berekraftig reiseliv og den eitt år gamle Kina-satsinga til Vestlandsforsking innan grøn elektronikk. Turen gjekk deretter vidare til Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaforståing i Fjærland, der direktør Nils Paulsen viste dei to rundt i den nye klimautstillinga. – Vi er imponerte over det vi har sett, sa korrespondent Wu Ping frå Xinhua til NRK Sogn og Fjordane etter omvisinga.

NRK Sogn og Fjordane sender innslag frå besøket 13.desember frå kl 16.03