Vil du forske på klima og reiseliv?

Vestlandsforsking søkjer ein forskar i full stilling til klima- og reiselivsprosjekt. Kompetanse innan natur- og miljøfag er ønskeleg, og god innsikt i kvantitativ metode er ein fordel.

Vi er på jakt etter ein dyktig medarbeidar med utdanning på mastergrad- eller doktorgradsnivå. Forsking og prosjektarbeid vil særleg gjelde to felt: klima og berekraftig reiseliv (i tilknyting til Forskingssenter for geoturisme og berekraftig reiseliv). Arbeidsstaden er Vestlandsforsking i Sogndal. Vi jobbar tverrfagleg og i team på miljøområdet. Forskarane deltek i fleire store nasjonale og internasjonale prosjekt, og stillinga kan difor innebere ein del reising.
 
Vestlandsforsking har kring 30 medarbeidarar. Instituttet ligg på Fosshaugane Campus, med over 500 arbeidsplassar og eit aktivt studentmiljø tett på. Sogndal tilbyr elles gode mulegheiter for eit variert friluftsliv både sommar og vinter. 

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat.

Forskingsleiar Carlo Aall, caa@vestforsk.no – 99 12 72 22
Direktør Agnes Landstad, ala@vestforsk.no – 91 54 66 10