Campus Seminar under etablering

Vestlandsforsking har teke intitiativ til etablering av ei felles ramme for seminar og foredrag for alle som er involverte i Fosshaugane Campus. Førebels er namnet på tiltaket Campus Seminar. Under ein ide-dugnad 4. januar med deltakarar frå ulike Campus-verksemder, vart følgjande arbeidsgruppe sett saman for å føra ideane fram til konkret innhald:

Jøril Hovland, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Torgeir Skålid, Sogndal Fotball
Svein Ølnes, Vestlandsforsking

Under Campus Seminar-paraplyen vil ein prøva å samla eksisterande foredrags- og seminaraktivitetar for å gi dei ei betre annonsering og eit breiare publikum. I tillegg vil det bli teke initiativ til eigne seminar, både frå interne personar i Campus-miljøet og frå eksterne krefter. Dei som har forslag til foredrag må gjerne senda dei til arbeidsgruppa.

I samarbeid med Gasta vil det bli sett opp eit intranett for Fosshaugane Campus der ulike fellesaktivitetar som t.d. seminar kan annonserast.