Campus Seminar 28.5: "Wittgenstein og taus kunnskap"

Me får igjen besøk av prof. emeritus Kjell S. Johannessen frå Universitetet i Bergen. Han var her i fjor og snakka om taus kunnskap og alt då planla me ein del to der han ville gå meir spesifikt inn på filosofen Ludwig Wittgenstein og dette temaet.

Kjell S. Johannessen har vore professor i filosofi ved Universitetet i Bergen. Han har også vore redaktør for Norsk filosofisk tidsskrift i mange år. I tillegg har han vore sentral i oppbygginga og utviklinga av Wittgenstein-arkiva ved UiB. Meir informasjon om foredragshaldaren finn du på http://www.skapende.no/kjells.htm.

Foredraget blir onsdag 28.5 kl. 13.00 i Gjensidige-rommet på Fosshaugane Campus (same stad som forrige seminar med Kjell S. Johannessen). Det kostar ikkje noko å delta og foredraget vil vara i om lag to timar.