Erling Holden med ny bok om Transport og Miljø
Dato:
15.11.2006
Kvifor gir ikkje ny teknologi mindre utslepp? Er alternative drivstoff eigentleg miljøvennlege? Bør vi beholde gamle bilar av omsyn til miljøet? Bør vi bu tett eller spreidd?
Desse og mange fleire spørsmål freistar ei ny bok om transport og miljø å svare på. Boka er forskingsbasert og skriven av Erling Holden, Kristin Linnerud og Holger Schlaupitz. Erling Holden er frå sept 2008 professor i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har tidlegare forska på transport, energi og miljø i over 20 år, hovudsakleg ved Vestlandsforsking. Kristin Linnerud er forskar II ved CICERO Senter for klimaforskning. Holger Schlaupitz er fagleiar for avdeling for energi, klima og samferdsel i Norges Naturvernforbund