Straumsparande IT

På Vestlandsforsking har me nettopp gjennomført ei intern spørjeundersøking som mellom anna omhandla korleis Vestlandsforsking kan bli ei «grønnare» bedrift (korleis me kan redusera forbruket og vårt bidrag til forureining). Eg ser no at eg ikkje svarte slik som it-vitaren i meg eigentleg burde svart.

Linux-konsulenten Matthew Garrett har laga eit lite skriv som viser at lesing av Flash-tunge MySpace-sider bidreg til auka straumforbruk. Utrekninga er passe tilfeldig, men her er det nok likevel mykje å henta. Dei fleste datamaskinbrukarane i dag brukar store straumslukande maskiner, med ressursslukande program laga for å gjera deg avhengig av jamnlege oppgraderingar utan hensyn til ressursbruk. Samtidig som oppgåvene me skal ha utført like gjerne kunne vore gjort på ein Nokia N95 (som med tastatur og skjerm ville fungert greit). IKT-Norge har fått augo opp for forbruket, og meinar at me kan spara 10-50 % på «grønnare» IT.


Skaff deg ein reklamedrepar (til dømes Adblock plus) til nettlesaren din, så sparar du både tid, straum, konsentrasjon og får eit meir stabilt system. Og ver fornøgd om du ikkje brukar Flash på nettstaden din, då er du klimavennleg!