Nye vestforsk.no 1 år!

Vi kunne gratulera vevtenesta vår med eittårsdagen 15.12.07, forresten 3 dagar før Miside. Sidan eittårsdagen nesten fell saman med årsskiftet er det naturleg å gjera opp status for året. I tillegg ville det vore interessant å høyra kva du synest om nettsidene.

Omlegginga av nettsidene var høgst påkravd då arbeidet vart sett i gang tidleg i 2006. På grunn av eit prosjektsamarbeid vart det naturleg å sjå på emnekart (Topic Maps) som grunnleggjande informasjonsstruktur. Det førte til eit samarbeid med emnekart-spesialistane Ontopia (no ein del av selskapet Bouvet) og portalleverandøren Officenet.

Erfaringa vår dei første åra er svært gode. Ei viktig målsetjing med ombygginga i tillegg til å få ein betre presentasjon av oss sjølve, var å byggja opp kompetanse på semantiske teknologiar og å bruka nettsidene våre som eksempel seinare. Det har vi i høgste grad lykkast med, og vestforsk.no har vorte vist i mange presentasjonar i 2007 som eksempel på kva fordelar ein sterk semantisk struktur i botnen gir.

Men å utvikla ei god nett-teneste handlar ikkje berre om gode strukturar, det handlar også om ein god informasjonsarkitektur, god interaksjon og eit design som støttar opp om dei ideane som ligg til grunn for tenesta. På dei siste punkta kan ikkje emnekart hjelpa særleg, på enkelte punkt tvert om, så ein har alle mulegheiter til å gjera feil sjølv med det beste utgangspunktet. Difor er det til slutt di oppfatning som blir avgjerande og det ville difor vore interessant å høyra kva du meiner. Bruk kommentarfeltet under og gi ris og ros. Vi har også gjennomført ei ekstern evaluering av sidene, meir om den seinare. Vevtrafikken er også eit kapittel for seg, og eit viktig kapittel, meir om den også seinare.