Me freistar å halda fristar..

31. desember var eg for sein... Denne gongen var det eg personleg som ikkje rakk fristen, og i motsetnad til korleis det kan vera på jobb så sparte eg pengar i staden for å gå glipp av dei.

Arbeidet på Vestlandsforsking, har eg funne ut den korte tida eg har vore her, handlar for det meste om prosjektarbeid. Me finn eigne emne, eller andre finn oss, og det blir laga til prosjekt med fleire partnarar. Å arbeide slik er ikkje berre enkelt, for ein må heile tida vere frampå, og til ein viss grad vera god seljar. Ein del av prosjekta er prosjekt som me tek initiativ til sjølve og så søker om midlar frå for det meste statlege organisasjonar eller EU-organisasjonar. Og då kjem ein ikkje så reint sjeldan borti fristane...

Men denne gongen var det altså eg som ikkje fekk brukt pengane mine før fristen til å bruka dei gjekk ut. Eg ville kjøpa vidunder-filantropi-maskina XO-1. XO-1 er babyen til Nicholas Negroponte og alle dei som har jobba i One Laptop Per Child, eller OLPC . Fram til 31. desember kunne ein, som amerikanar, ta del i «Give One, Get One»-programmet. Ved å gje 400 USD til OLPC gav du eit barn på Haiti, i Rwanda, Mongolia, Afganistan eller Kambodsja ein XO, samtidig som du kjøpte ein til deg sjølv. Det var einaste måten å få tak i ein XO dersom ein ikkje er av dei heldige glupe som får tak på slikt i kraft av å vera seg sjølv.

Eg hadde tenkt å lura OLPC ved å gje dei mi amerikanske framsendaradresse, noko som ikkje gjekk, og no er altså fristen ute....

Barna i Øvre Eiker kommune får derimot XOar, der sendte dei nemleg ein søknad til Fornyings- og administrasjonsdepartementet om støtte til fri programvare-prosjekt før fristen 13. november. Det gjorde ikkje Vestlandsforsking...


Og slik vil det halde fram, det er alltid fristar som kjem og går, nokre slår me til på, andre ikkje. Veit du om nokre som ikkje burde gå oss hus forbi?

XO-1 - berbar pc utvikla i prosjektet OLPC (One Laptop Pr Child)