Google ser meg, dei og


Godt å vite at nokon les og kanskje bryr seg om det eg skriv. Men kva personvern ventar eg?

Laurdag 14.februar var eg på Studentersamfundet i Trondheim. Tema på det engasjerande Samfundsmøtet var  ”Google ser deg”.  Jon Bing (UiO, var formann i Personvernnemda mm.) og Knut Magne Risvik (engineering director i Google) innleia og svara på spørsmål.  Eg vil gjerne formidle ei blanding gullkorn og interessante poeng. Dette ver t difor ikkje eit referat der tema og sitat kjem i kronologisk rekkjefølgje:

Det er ikkje så enkelt å vite kven som følgjer med når handlinga di sender informasjon i små databitar ut av Noreg, via Sverige (der det militære no får lytte på det meste som passerer), nedover i Europa og over kanalen til USA og kanskje innom serverplassen du har leigd i Canada. Lover i Noreg gjeld sjølvsagt for deg og dine handlingar sjølv om innhald ligg på server i land med eit anna lovverk.

Europa går føre på personvern og internett. Men heile 75% av alle land manglar slik lovregulering av personvern.  Nokre land har ulik praksis i ulike delstatar. Noreg har og utfordringar. Norske skattelister og det offentlege si bruk av personnummer som identifiserer deg vert trekt fram. Truleg veit det offentlege i skandinaviske land mykje meir om deg enn det USA med sine system gjer. Offentleg overvaking? Du får tilpassa dine søketreff etter nasjonale og personlege preferansar. Ikkje berre Kina stiller krav til kva befolkninga skal få sjå. Også land som Storbritannia har slike lister med innhald som skal bort. Det finst og svartelister over ord du helst ikkje bør ta i bruk i din kommunikasjon. Eit utval ville garantere deg eit brukbart tal lesarar på din neste e-post. (Og nei, eg trur kanskje ikkje eg skal vise til dømet Bing gav her i vevloggen heller. )

Søk, ja. Du veit det nok. Alle søk du gjer i Google vert lagra og først sletta etter om lag eit år. Data vert inspisert for å justere søkjeresultat (og annonser) for deg. Men mykje nyttig bruk utover dette er mogeleg. Google har oppdaga influensaepidemiar og følgt deira spreiing ca to veker raskare enn det offentlege helsevesen i USA klarte! Dette berre fordi dei er så gode på å overvake kva søkjevanar folk har og analysere kva som opptek folk der og då. Søkjer mange plutseleg etter td. nærmaste apotek, legemiddel eller svar på same type symptom så kan folkehelsa ha nytte av overvakinga.

Ein arbeidsgivar bør ikkje utan vidare google sine jobbsøkjarar. Ingen av innleiarane gjer dette. For det første er det mogeleg at du sjølv har lagt ut feil informasjon. For det andre kan ondsinna informasjon vere lagt ut av andre som ikkje likar deg.

Du nyttar gjerne som eg mange vevtenester frå Google? E-post, kalender, personleg nyheitsportal, tekst- og reknearkeditor, kart og bildeteneste og no straks sanntidslokalisering av dine mobilbrukande vener på kart  etc. Du og er kanskje litt bekymra for om konsernet set din databruk saman til eit bilde av deg og brukar det i uønskte samanhengar? Google fortel opent at dei samlar mykje informasjon om deg og din nettbruk for å kunne forbetre sine tenester og nedkjempe søppelpost og virus. Men eg forstod Risvik slik at det for han enno  er lettare å søkje fram god informasjon om deg med søkjemotoren,  enn det er å sette saman informasjonen frå dei ulike interne systema deira til eit like godt bilete.  Risvik uttrykte at problemstillinga var viktig, men og at han var meir bekymra for dei nye sosiale nettsamfunna.

Eit viktig poeng for Risvik er at det manglar ein openbar økonomisk motivasjon for misbruk blant storaktørane.  Google ville raskt miste mykje av bruken, og dermed det meste av si lønsemd, om du mista trua på at informasjonen din var trygg og slutta å bruke tilbodet deira.

Finn du informasjon på td Google Earth om deg som du blir støtt av, så kan du be om å få det fjerna og det vert gjort i løpet av kort tid. Det er ingen ideell strategi å publisere ein masse nyttig om seg sjølv for å dekkje over eit enkelt uheldig nettbidrag. Dei største seriøse aktørane legg innsats i å rydde. Bing uttrykte større bekymring for mindre tenester og aktørar som kanskje har samla litt informasjon om deg.

Samfundsmøtet gav i alle høve meg ein del igjen for oppmøtet. Eg tykkjer det økonomiske argumentet til Google er godt, men eg er bekymra for den menneskelege faktoren. Feil har ført informasjon på avvege før, både i det offentlege her heime og i dei største konserna. Og gangsynet til nokre konserndirektørar i USA har ikkje direkte imponert det siste året. Eg håpar sjølvsagt på feilfrie interne system og fråver av personleg suboptimalisering og tabbar framover. Ikkje minst deler eg bekymringa til innleiarane for nettsamfunna. Særleg med tanke på siste nytt om endringar i mine vilkår der eg er fanga (?). Dette bekymra meg alt i første vevlogg frå 2007. Kunden har ikkje alltid rett(ar).

Til slutt eit siste tips frå Bing. Tenkt litt over kor mykje personleg informasjon du kan  finne på di neste bankutskrift...