Dei vanskelegaste bokstavforkortingane våre

IT…. Det er ikkje til å kome unna. Vi brukar mange kryptiske vanskelege ord og bokstavforkortingar. Unødvendig mange. Når vi akademiske ikkje veit eller kan vite betre so er det godt å ha eit litt ullent ord å gøyme dette bak. Rett bruk av moteord er veldig kjekt for å kunne selje. Det å finne på eit nytt ord du kan ”eige” er og flott.

Eit av dei verste no er web 2.0 som femner passe mykje og er passe lite avgrensande. Både bokstavar, tal og punktum legg vi her sjølvsagt djup meining i. I denne ymseboksen web 2.0 ligg det og eit lite hav av småord nokon gjerne eig for teknologi som let deg ha dialog, dele ressursar og opplevingar saman med andre på HEILT nye måtar. Denne vevloggen (blogg på nynorsk) med sin enkle responsfunksjon  kommentarfelt for dialog, er av dei enklaste.

Difor kjennest det feil å forsøke på akademisk definisjon av web 2.0 i word og i eit avsnitt. Sjå gjerne omtale på  wikipedia om du vil, men opplev først ei god historieforteljing om det nye omgrepet på 5 minutt. Ikkje all kunnskap er lett å beskrive med ord. Noko er taus kunnskap det gjerne er lettare å vise. ”The Machine is Us/ing Us” er den opphavlege versjonen av kultklassikaren til Michael Wesch som de finn på Mediated Cultures (med høgare bildekvalitet enn på Youtube).

Dette er retninga dataverda utviklar seg i. Det er viktig for oss å ha ei meining om kva vår vesle rolle kan vere. Vi fokuserer særleg på to internettstandardar (emnekart og semantisk web) i våre meir teknisk retta prosjekt. Men ofte er det viktigaste elementet i våre prosjekt å kunne sjå bruken av ny teknologi i endringar som skjer i og mellom organisasjonar. Og å kunne kople det akademiske med det brukarnære. Dette er og IT. For informasjonsteknologien (IT) skapar vinstar først når den er i god bruk. Gevinstrealisering er i seg sjølv eit moteord. Det får bli ein annan blogg…