Kvalitet 2009

Kvalitet 2009 markerer den 9. evalueringa av offentlege nettsider og den første med ei skikkeleg involvering av nettstadeigarane før start.

Starta i 2001
Kvalitetsevalueringane starta opp i 2001 med Statskonsult og Norge.no som ansvarlege. Vestlandsforsking vart etter kvart trekt inn i arbeidet for å kvalitetssikra dei føreslåtte indikatorane og me gjorde det mellom anna ved bruk av relativt utradisjonelle metodar (kan utdjupast i eit eige blogginnlegg seinare).

Utfordra på dialog
I 2002 vart det ikkje gjennomført evalueringar, men frå og med 2003 har dei vorte gjennomførte årleg. Dagens indikatorsett har vore relativt stabilt dei siste 4-5 åra og berre hatt mindre endringar. På kvalitetskonferansen etter fjorårets evalueringar vart Difi utfordra til å opna opp prosessen og leggja til rette for ein dialog slik at dei offentlege etatane kan bidra i utviklinga av evalueringa.

Open høyring med bloggverktøy
Årets indikatorsett er lagt ut som ei open høyring og ved hjelp av bloggverktøy er det gode mulegheiter til kommentering av dei enkelte indikatorane. Sjølv om talet på deltakarar i diskusjonen er relativt lite, er det mange gode innspel som viser kor viktig det er med ein slik dialog.

Dialog?
Men dialog er kanskje ikkje det rette ordet likevel. Difi har gjort mykje rett her, men ein viktig ting manglar: Du må sjølv vera til stades i diskusjonen og ikkje berre gå rundt med mikrofonen. Det er viktig å sleppa til alle kommentarar, men det er like viktig å svara på innspela og delta i diskusjonen. Akkurat her er det eit potensiale for forbetring i eit elles godt opplegg.

Høyring 2.0?
Det er å håpa at dette ber bod om nye måtar å gjennomføra høyringar på. Tida er overmoden til å ta i bruk den sosiale veven og innarbeidde metodar og leggja til rette for Høyring 2.0.