Informasjonsutveksling

Det var temaet for ein presentasjon eg heldt for Kommunekonferansen 2007 (24.05). Det er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som arrangerer denne konferansen der ordførarar og rådmenn er målgruppa.

Vestlandsforsking har fått i oppdrag av Fylkesmannen og IT-forum å sjå på mulege hindringar for informasjonsutveksling mellom kommunane i fylket. Det vil seia det er både mellom kommunane sjølve og mellom kommunar og fylkeskommune/fylkesmann (i prinsippet informasjonsutveksling med andre offentlege verksemder). Det er ei stor utfordring, og ei utfordring som neppe kan løysast av Sogn og Fjordane åleine. Her trengst det nasjonale tiltak, først og fremst gjennom utarbeiding av standardar og ikkje minst implementering av desse.

Eksempelet under kan tena som illustrasjon på kor tungvindt informasjonsutveksling kan vera i dag:

Meldingsutveksling mellom kommunar

Informasjonsflyten er slik:

1.    Kommune A skriv eit brev og registrerer det i eige arkivsystem (eventuelt tek utskrift frå ei sak som ligg i eige arkivsystem)
2.    Brevet blir skrive ut på skrivar og lagt i konvolutt
3.    Posten brukar i gjennomsnitt 4 dagar på å frakta brevet til kommune B
4.    Kommune B registrerer brevet i sitt arkivsystem, stort sett identiske opplysningar som det kommune A har i registrert i sitt system.

Det viser at trass i same systemløysing, felles maskinvare, blir informasjonsutvekslinga like vanskeleg. Akkurat dette problemet søkjer BEST-prosjektet hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane å løysa. Les meir om det på www.efylke.no