Tenester på nett?

For offentleg forvaltning er ”tenester på nett” eller ”elektroniske tenester” den store satsinga. Men er det tenester dei snakkar om? Dersom du kan søkja barnehageplass via eit nettskjema, er då barnehagen vorten ei elektronisk teneste? Har du ei elektronisk teneste når du legg til rette for søknad om omsorgsbustad via portalen din?

I eit foredrag for prosjektleiarar i kommunar rundt om i landet nyleg, spurde eg kor mange av dei som hadde gjort barnehage-tenesta elektronisk. Dei vart litt urolege, og hender som var på veg opp, vart trekte ned att. Dei ana at dette var eit ”lurespørsmål”. Me fekk ein god diskusjon om begrepsbruk etterpå. Dette har også vore eit viktig tema i prosjektet Los (også omtala som "Nye LivsIT") som me har hatt for og i samarbeid med Norge.no

Dersom ambisiøse målsetjingar om e-forvaltning skal oppnåast, kjem me ikkje utanom ei satsing på semantisk web. Det vil seia me må utstyra informasjonsressursane våre med tilleggsinformasjon henta frå eit felles begrepsapparat. Dersom me begynner å rota med begrepa slik som ”elektroniske tenester”, er me ute og køyrer. Og det er me..

Datamaskiner er ikkje så forståelsesfulle som menneske; dei gjer berre det dei blir bedne om og tek alt, absolutt alt, bokstaveleg. Den semantiske veven blir laga for datamaskinene, ikkje for oss, og det er det mange som ikkje har fått med seg. Det minner meg om ei teikning av Gary Larson: Ein mann står på ei aude øy og har akkurat vorte oppdaga av eit redningshelikopter. Han har skrive "HELP” med store bokstavar i sanden, men har vore litt uheldig med P’en slik at den ser ut som ein F. Piloten seier då: ”Wait! Wait!... Cancel that, I guess it says ’HELF’”. Ja, akkurat slik ”tenkjer” datamaskiner. Så tenk deg godt om før du brukar ordet "elektroniske tenester " igjen!