Europeana - digital kulturformidling

Europeana er ein portal med tilgang til kulturobjekt frå heile Europa. I løpet av 2010 skal Europeana ha informasjon om meir enn 10 mill. kulturobjekt.

Europeana er eit prestisjeprosjekt for EU og det er sett av store ressursar. Det er meir korrekt  å kalla det eit program, for det er mange prosjekt som til saman skal realisera det europeiske digitale kulturnavet. Europeana er ein portal for tilgang til informasjon om kulturobjekt frå arkiv, bibliotek og museum rundt om i Europa (det som på fagspråket blir kalla ABM-sektoren).

Norge er med i eitt av prosjekta, EuropeanaLocal, og her har Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ein leiande rolle. Dei koordinerer eit prosjekt med 27 partnarar (!). Prosjektet skal levera informasjon om kulturobjekt i dei enkelte landa til Europeana. Det er definert ein metadata-standard kalla ESE - Europeana Semantic Elements [pdf-fil] - som metadata skal strukturerast etter. ESE byggjer på Dublin Core-standarden. Vestlandsforsking er representert i referansegruppa for EuropeanaLocal i Norge.

Europeana er evaluert av Ricky Erway frå OCLC. OCLC er ei verdsomfattande samanslutning av bibliotek organisert som ein non-profit medlemsorganisasjon. Meir enn 27 000 bibliotek (!) er medlemmar i OCLC som starta ved eit samarbeid mellom biblioteka i Ohio i 1967.

Ricky Erway har både positive og negative kommentarar til Europeana. Ho er imponert over ambisjonar og pådriv frå EU, men er samtidig skeptisk til ein del av det ho ser i programmet. Dette er noko av det ho trekkjer fram som negativt og som bør rettast:

  • Finn opp mange hjul på nytt i staden for å bruka beste/god praksis som alt finst
  • For mykje top-down
  • Skeptisk til deltakinga i eit lenger perspektiv - kva skjer etter at dei ulike prosjekta er avslutta?
  • Prøver å konkurrera med Google - levnar dei små sjansar i den konkurransen
  • Uklart kva brukarbehov tenesta prøver å dekkja
  • Viktig med modellar som plasserer rikt digitalt innhald i rett kontekst og der brukarane er (og det er ikkje europeana.eu)

Trass i dei negative kommentarane er Erway som nemnt imponert over mykje av Europeana-satsinga. Det er også imponerande at ein klarer å få såpass mange institusjonar til å gå såpass i takt at det er muleg å byggja det store lageret av metadata som Europeana tilbyr brukarane. Men det er framleis mange uavklarte spørsmål rundt dette initiativet.

Det er ikkje tilfeldig at Sogn og Fjordane ved Fylkesarkivet er i førarsetet for EuropeanaLocal. Fylkesarkivet har arbeida målretta i fleire tiår for å digitalisera kulturarven og fylket er med det leiande i landet på området. Her er definitivt eit område ein kan seia "look to Sogn og Fjordane!".