10 år med søkemotor-optimalisering

Rådgivar innan søkemotor-optimalisering, Jill Whalen, tek i siste nyheitsbrev frå firmaet sitt HighRankings for seg den tiårige historia til bransjen.

I år 2000 var kollega Terje Aaberge og eg så heldige å delta på konferansen Search Engine Meeting 2010 i Boston. Eit av høgdepunkta var ein paneldiskusjon mellom representantar for dei leiande søkemotorane. Dei leiande søkemotorane på den tida var AltaVista, Northern Light (nokon som hugsar?) og Yahoo!. Og så var det ein brysom oppkopling ved namn Google som blanda seg inn i det gode selskapet. Google var representerte med grunnleggjaren (ein av dei to)  Larry Page på den aktuelle konferansen.

Paneldebatten utvikla seg til nærmast eit munnhoggeri mellom Larry Page og dei andre, særleg Northern Light. Få var klar over at dette eigentleg var ein kamp mellom web 1.0 og 2.0, det vart klart for meg mange år seinare. Larry Page framstod som ein teknologioptimist av dei store og sa at løysinga på utfordringane for søkemotorane låg i betre algoritmar. Alt kunne løysast berre ein utvikla gode nok søkealgoritmar. Ettertida har (nesten) gitt han rett. Dei fleste søkemotorane for 10 år sidan er borte og Google rår no grunnen nesten åleine.

Søkemotoroptimalisering, SEO på engelsk, var knapt nok etablert som begrep. På Vestlandsforsking var me langt framme på dette området. Alt under TITAN-prosjektet (1998-2000) hadde me knallharde diskusjonar internt om bruken av dynamiske nettsider (database-drivne nettsider). Nokre av oss meinte at det var uheldig fordi søkemotorane hadde problem med indekseringa, andre meinter at dette ville søkemotorane løysa. Ettertida har gitt begge partar rett. Men det tok fleire år før søkemotorane klarte å hanskast med dynamiske sider. I dag er dette likevel ikkje ei særleg aktuell problemstilling.

På dei 10 åra har det skjedd ei enorm utvikling innan søkemotor-tilpassing og -optimalisering. Frå å vera eit framandord har det no glidd inn i daglegspråket, i det minste i det daglege it-språket. Problemstillinga er stadig den same: korleis bli synleg i det digitale mylderet? Mange rådgivingstenester er etablerte innafor dette området. HighRankings er ei av dei og har Jill Whalen i førarsete. Ho har drive rådgiving om SEO og samtidig delt erfaringane sine med interesserte gjennom nyheitsbrev og nettside. Nyheitsbrevet har eksistert sidan 2000 og starten på 2010 passar det difor med eit tilbakeblikk på utviklinga:

2000
- søkemotorane hadde som nemnt problem med dynamiske URL-ar
- dei viktige søkemotorane var Excite, Lycos, HotBot, AltaVista og nykommaren Google

2001
- GoTo var ein av dei første store søkemotorane med betaling - endra seinare namn til Overture og vart kjøpt opp av Yahoo!
- Google viste alt styrke på relevans for søkeresultata og var "best i test" stadig vekk
- metadata-taggen var alt begynt å mista relevans pga. misbruk

2002
- Google lanserte AdWords og endra med det online marknadsføring for heile tiåret framover (ideen med AdWords var elles henta frå hyper-innovatør Bill Gross (han kalla selskapet sitt Gross National Product :-)

2003
- det store oppkjøpsåret: Yahoo! kjøpte Inktomi, AltaVista og Fast

2004
- spam hadde vakse til eit stort problem og "professional SEO" var slagordet dette året

2005
- Google introduserte "nofollow"-attributtet
- Google introduserte også Google Analytics (som dei kjøpte gjennom produktet Urchin)

2006
- konvertering var moteordet
- "etisk" SEO som motvekt til mykje lureri i bransjen

2007
- "målretta" trafikk ("targeted traffic") var det store, total-besøk ikkje så interessant
- aldringsproblemet (bruk av 302 midlertidig redirigering i staden for 301 redirigering) begynte å bli løyst - ikkje nødvendig med triks som nemnt i parentesen

2008
- rotne triks som "lenke-åte" ("link bait") eit stort problem
- sosiale medium, spesielt Twitter, begynte å bli viktig

2009
- SEO ein naturleg del av dei fleste nye vevsider
- sosiale media endå viktigare

Søkemotor-optimalisering starta ikkje i 2000, det starta like tidleg som søkemotorane kom på nettet. Men det var for 10 år sidan det begynte å bli ein rådgivings-nisje. Denne nisjen har vakse seg stor på dei 10 åra.

Vestlandsforsking var som sagt tidleg ute, men me hadde ikkje prosjekt som me kunne halda oss oppdaterte på, og reine konsulentoppdrag innan dette området var utelukka. Men det er kjekt å tenkja tilbake på møtet med Larry Page & co. på nært hald. Nesten like stort som minneverdige konsertar med Miles Davis, Tom Waits og Bruce Springsteen.