NRKbeta gjer det igjen!

NRKbeta tek eit langt steg vidare og utviklar nytt intranett saman med brukarane.

NRKbeta har fått mykje og velfortent skryt sidan dei starta bloggen sin i 2007. Dei karakteriserer seg som NRK si sandkasse for ny teknologi og det er interessant å følgja dei. No har dei teke tak i større oppgåver: Dei skal laga nytt intranett for NRK!

Beta som modell
NRKbeta har vorte modell for fleire liknande tenester både i offentleg og privat sektor. Av offentlege tenester er BetaTrondheim (Trondheim kommune sin blogg om nye tankar for kommunen sine nett-tenester)og Bærum Beta (Bærum kommune).

Bakteppet for desse nettstadene er web 2.0 og ideen om brukarmedverknad. Om ein er så heldig å ha ein så stor skare av interesserte som NRKbeta, kan ein få mange gode idear frå brukarane. Det har NRKbeta skjønt og visst å ta vare på.

Nytt intranett i NRK
No tek dei ideen eitt steg lenger og diskuterer nytt intranett med brukarane; både NRK sine eigne brukarar og alle andre utanfor NRK-huset. Kravspesifikasjonen blir rett og slett til i møte med brukarane. Åtte it-firma er prekvalifiserte til å levera tilbod på intranettet, men kravspesifikasjonen er enno ikkje ferdig. Alt på første innlegget om det nye intranettet til NRK har det komme over 40 50 kommentarar i løpet av det første døgnet.

Dei mange beta-tenestene som har dukka opp, delvis i kjølvatnet av NRKbeta, har eit stort problem: Dei er ikkje særleg godt integrerte med moder-tenesta. Dermed blir dei ofte satelittar og det kan fort bli "for spesielt interesserte". Når NRKbeta no involverer seg i det nye intranettet i NRK, får NRK direkte nytte av alle erfaringane NRKbeta har hausta.

Opning av intranettet
Utvikling av intranett har levd i skyggen av web-utviklinga generelt. I sin natur er intranetta lukka, og det har også gjort at diskusjonen om korleis får det beste intranettet ikkje har vore særleg synleg. Initiativet til NRKbeta er prisverdig for å løfta fram denne diskusjonen i det offentlege rommet. For ordens skuld bør det nemnast at firmaet Netlife Research har starta eit intranettforum. Men så langt ser det ikkje ut som planane inkluderer å dela informasjonen på nettet, det håpar eg dei vil etter kvart.

Neste steg er å opna intranettet i seg sjølv. Mykje av det som står på intranettet kan like godt opnast for alle. Det er jo det NRKbeta delvis har gjort med si eiga teneste, og den utviklinga vil me truleg sjå hjå langt fleire.

Det blir spennande å følgja intranett-prosjektet til NRK - dei har i alle fall skapt store forventningar.