Kart-fiasko?

Kommunane i Sogn og Fjordane har brukt mykje ressursar på kartportalar. Eg vil påstå at mykje av det er bortkasta pengar og at arbeidet med nettbaserte kart må gjerast på nytt. Stikkorda for feilsatsinga er mangel på brukarvennlegheit og kontekst.

Både i Nordfjord og Sogn har kommunane gått saman om felles kartportalar for å tilby innbyggjarane kartinformasjon. I Sunnfjord er det så langt ingen felles kartportal; enkelte kommunar har etablerte løysingar medan andre manglar.

Trass i at kartportalane er relativt nye, er dei etter mi meining feil tenkt. Kart kan ikkje isolerast frå kontekst slik det er gjort her. GIS (geografiske informasjonssystem) vart spådd ei stor framtid, men har hatt problem med å leva opp til forventningane. Mykje av det skuldast for dårleg brukarvennlegheit; det har rett og slett vore for vanskeleg å bruka kartløysingane.

I Sogn og Fjordane har GIS lenge hatt stor merksemd, og i prestisjeprosjektet TITAN (1998 - 2002) var bruk av digitale (og dynamiske) kart heilt sentralt. Det førte i sin tur til etablering av ei eiga bedrift, Avinet. Slik sett har koplinga av kart og IT vore viktig for fylket vårt.

Men me har ikkje greidd å omsetja det i brukarvennlege løysingar. Sjølv store satsingar som Fylkesatlaset til det elles svært dyktige Fylkesarkivet, viser store manglar når det kjem til brukarvennlegheit.

Det var Google som snudde opp ned på nettbaserte kart - me kan snakka om før og etter Google Maps. Google såg at kartløysingane var for vanskelege å bruka, og at dei var for isolerte. Dei utvikla då enkle grensesnitt mot kartunderlaget slik at nærmast kven som helst kunne plotta data på kartløysingar. Og kven som helst gjorde det! Det vart ein umiddelbar suksess, og kart på nettet er no nesten synonymt med Google.

Dei som vil levera alternative løysingar ta omsyn til grensenittet Google har utvikla, det er det brukarane kjenner. Eg gløymer ikkje ein gong eg diskuterte Google si kartløysing med ein som arbeider med GIS; han fnyste av Google og sa at det ikkje ein gong var dynamiske kart. Nei vel, men for brukaren spelar det liten rolle så lenge dei er brukarvennlege og dei blir brukte.

Det er her kartportalane i fylket (og elles i landet) sviktar. Dei verkar med eitt steinalder-gamle og brukarane kjenner seg ikkje att. På grunn av kompleksiteten er det også vanskeleg å bruka karta integrert i annan kommunal informasjon, og kartløysinga blir då isolert til ein eigen portal. Det blir heilt feil. Kart er eit hjelpemiddel, det er ikkje sjølve målet. Kartet må visa informasjonen der informasjonen er.

Som forskar skulle eg gjerne hatt eit betre grunnlag for å uttala meg om dette, men all erfaring med brukarvennlege løysingar og korleis kart etter kvart blir brukt i andre samanhengar, gjer at eg kjenner meg rimeleg trygg på påstanden om at desse kartløysingane ikkje vil leva lenge. Eller rettare sagt: Dei bør ikkje leva lenge.