Slepp data fri!

Ei av dei viktigaste endringane på nettet er utviklinga av opne grensesnitt (API) for utveksling av data. Gjennom slike grensesnitt kan data hentast ut utan å gå via nettsidene til tilbydaren. Dette er ei viktig utvikling for offentleg sektor som har store datamengder å dela, og det bør lagast retningslinjer og planar for denne typen opne grensesnitt.

Utveksling av data mellom program føregår ved hjelp av API (Application Programming Interface) - programma må fortelja korleis data kan hentast ut (og eventuelt puttast inn). Så langt har informasjonsutveksling på nettet stort sett vore avgrensa til å lesa informasjonen på nettsider, via HTML, men i aukande grad blir datauthenting gjennom opne grensesnitt vanleg. Her må det offentlege ta tak, for det finst store mengder data å dela og det bør lagast retningslinjer for korleis slike data kan delast best muleg.

Obama-administrasjonen går føre
Den nye IT-sjefen til Barack Obama, Chief Information Officer (CIO) Vivek Kundra, har ein visjon om at offentleg sektor skal "overfløyma" nettet med data. Rådata skal pumpast ut på nettet for så å bli brukt av ulike aktørar til analysar, samanfletting med annan informasjon og til å utvikla nye tenester. Mykje av poenget er at me ikkje veit kva som kan komma ut av det, det er meir som "la oss pøsa ut data og sjå kva som skjer". Denne formelen er brukt med stort hell i andre delar av nettet, med web 2.0 og "mashups" som det mest nærliggjande.

Utgangspunktet i USA, slik det blir omtalt i tidsskriftet Wired, er ikkje ulikt tilstanden her i landet: "Until now, the US government's default position has been: If you can't keep data secret, at least hide it on one of 24,000 federal Web sites, preferably in an incompatible or obsolete format. " Om ikkje like gale her i landet så er det mange som helst ser at dei ikkje blir kikka for mykje i korta og berre leverer ut det dei sjølve meiner er strengt nødvendig.

Kundra baserer data-frisleppet på følgjande hovudprinsipp:

  • opne standardar
  • utveksling av rådata
  • så mange format som muleg

Kundra understrekar at data skal vera så lite omarbeidde som muleg (mest muleg "rå") fordi dersom det blir for mykje omarbeiding og tilpassing, slik dei ofte blir presenterte på dagens nettsider, mistar ein det store biletet.

Offentlege data på nettet
Her til lands ser me berre starten på det som vil bli viktig framover. Enkelte etatar snusar på ideen om opne grensesnitt for data, mellom dei SSB. I følgje NRKbeta har SSB planar om å tilby data gjennom spesifiserte grensesnitt i løpet av året eller neste år. Til no har data frå SSB berre vore tilgjengelege frå nettsidene deira, gjennom presentasjon i tabellar. Tabellane kan ofte lastast ned, i Excel-format, men det er verken eit ope grensesnitt eller ein metode som gjer samanstilling og fletting av data lett.

Meteorologisk institutt kan stå som eit førebilete for den utviklinga som er ønskjeleg. Dei har lenge frigitt meteorologiske data til generell bruk og ei av tenestene som er bygde på desse data er yr.no (samarbeid mellom Met. inst. og NRK).

Kartdata er ei anna datakjelde som for lengst skulle vore frigitt, men som dessverre enno er lukka. Det er uhøyrt at offentlege kartdata skal måtta kjøpast ut, dei må bli fritt tilgjengelege på nettet. Det er vanskeleg å forstå at det skal vera så vanskeleg for departementet å skjera gjennom og kompensera bortfallet av inntekter for Statens kartverk, det er lite sett opp mot totalbudsjettet (i følgje rekneskapstal for 2007 er inntekter frå sal av kartdata m.m. 72 mill. kr av ein totalrekneskap på 757 mill. kr). Erik Solheim er ansvarleg statsråd og bør ta tak i dette straks.

Offentlege grensesnitt
Viktigare enn formatet er likevel at offentlege etatar og kommunar prøver seg fram med utveksling av data. Når det er sagt, er det også viktig at det blir utvikla retningslinjer og råd i korleis gå fram. Kva slags grensesnitt skal utvekslast? Finst det opne standardar på dette området? Finst det gode eksempel å kopiera og byggja vidare på?

Desse og andre spørsmål må FAD gjennom Difi ta tak i og arbeida med. Verken i stortingsmelding 17 ("Eit informasjonssamfunn for alle") eller i rapporten om felles arkitektur for offentleg sektor, er dette via tilstrekkeleg merksemd. Det har lett for å bli eit internt og avsendar-orientert perspektiv, og ideen om å sleppa data laus og sjå kva som skjer, er nok nokså fjern for mange. Den skil seg også frå dagens sterke fokus på tenesteorientering og tenesteorientert arkitektur (SOA) der føremålstenleg bruk står i fokus.

Det er mange skjer i sjøen for fri datautveksling, og mange offentlege verksemder vil lika dårleg ideen om å sleppa opp på kontroll og la andre bruka data og komma fram til både andre konklusjonar og andre måtar å presentera dei på. Men her passar "NRKbeta-doktrina" godt: "Du må satsa på å bli den beste tilbydaren av eigen informasjon!".

USA viser veg her, og det er ingen grunn til at me ikkje skal følgja etter.