Det digitale kartgrunnlaget - Ein køyretur frå Lærdal til Sogndal – The Touristic Way

Vi baserer oss stadig meir på bruk av digitale kart, enten det er når vi planlegg ferie eller reiser til andre stader eller som eit verktøy i kvardagen.  Eg har observert at dei ofte tar med litt vel mye, som overgrodde stikkvegar det ikkje har køyrt noe på sidan bonden slutta med hest og at stølsvegar med bom og 20% heilning er merka likt som resten av vegnettet.  Vi høyrer og om lastebilar som prøver å køyre Sognefjellsvegen vinterstid og som tar fjellvegen mellom Turtagrø og Årdal fordi dei baserer seg på mangelfulle digitale kartgrunnlaget.

Ein av våre tilbakevendande aktivitetar på VF er utfylling av reiserekningar.  Det vert ein  stad mellom 20 og 40 av dei i året for min del.  Tilgang til gode verktøy er ein føresetnad for å kunne gjere dette raskt og effektivt.  Ein av dei er karttenester som hjelper deg å planlegge reiser, men som og kan nyttast til å finne ut kor mange kilometer det er mellom to stader når du har gløymt å nullstille kilometerteljaren.  Det er ei rekkje slike tilgjengeleg på nettet.  Ein periode nytta eg mye vegvesenet sin teneste ”visveg- ruteplanleggar” men den går ikkje lenger så godt med min prefererte nettlesar. Har også nytta gule sider si kartteneste, men det er stort sett når eg har slått opp eit telefonnummer først.  Denne gangen valte eg NAF si rutebok på nett.  Med lang erfaring som brukar av NAF boka og med den i minne har nok eg som brukar eit høgt forventningsnivå.  Tenesta leverte ikkje det resultatet eg forventa, og nygjerrigheita mi vakna, og eg enda inn på ”the touristic route between Lærdal og Sogndal” og enda opp med ein test av ulike karttenester på nett.

Reiseruta eg skulle berekne var frå Voss til Leikanger via Sogndal.  Parametrane Voss, Lærdal, Sogndal, Leikanger vart lagt inn, og trykte berekn reiserute. Eg kan vel seie at eg vart noe forundra når forslaget NAF hadde for ruta var med ferje frå Lærdal til Kaupanger (sjå figur 1).  Ei ferje som ifølge www.ruteinfo.net går fire gonger om dagen, kl 0830, 1110, 1505, 1800.  Lokalkunnskapen hjelpt meg og eg visste jo om eit alternativ - Fodnes-Mannheller (ferje 3 gonger i timen på dagtid).  Fodnes-Mannheller opna i 1995 (sjå Fylkesleksikonet).  Derfor la eg inn Fodnes ferjekai som eit ”via punkt” i reiseruta.   Eg kan vel seie at eg vart meir forundra over resultatet denne gongen, sjå figur 1.

Ruteplanleggjar
Figur 1 Føreslått reiserute frå  Lærdal til Sogndal via Fodnes

I staden for å sende meg via Fodnestunellen (opna i 1993 iflg Fylkesatlaset)  så sender dei meg framleis med ferje frå Lærdal til Kaupanger, deretter Amlavegen og Amlatunellen til Mannheller, med ferje tur/retur Fodnes, deretter vidare til Sogndal.

Forsøkte så å forenkla ruta enda meir og berre legg inn Lærdal – Fodnes får tilsvarande resultat.

ruteplanlegger2

Aftenposten gjennomførte testen ”Hvilken ruteplanlegger er best?” i 2005 (først publisert 29.06.2005, oppdatert 22.06.2007). Med utgangspunkt i dei karttenestene som vart testa i denne har eg gjort følgjande testar
• Test1:  Søk på reiserute, Lærdal-Fodnes,
• Test 2: der karttenesta ikkje finn Fodnes har eg søkt på Lærdal- Sogndal.
• Test 3: ber dei snu reiseruta altså Sogndal –Lærdal kva skjer då

Resultatet av testen gav følgjande karakterskala
Og enda opp med å teste ulike karttenester på nett, her er resultatlista (karakteren 6 er best og 1 dårlegast, 0=ikkje testa)

Kartteneste Samla karakter
www.no.map24.com

6

www.gulesider.no/kart

6

routeplanner.rac.co.uk

6

www.google.no/maps

4

www.viamichelin.com

4

http://www.mappy.com

3

http://www.krak.dk

3

www.multimap.com

3

world.maporama.com

1

ruteplanlegger.naf.no/veibok

1

www.visveg.no

0

Opel Route-Planner

0



For å sjå detaljane frå testen følg denne lenka.