Debatten om web 2.0

Gjermund Lanestedt etterlyste i forrige nr. av Computerworld ein debatt om web 2.0 og konsekvensane for samfunnet. Eg har sendt dette innspelet til Computerworld, men i tilfelle det ikkje skulle bli teke inn, kan me jo bruka web 2.0-teknologien til å publisera det sjølve. Det er vel det web 2.0 inst inne handlar om. Dessverre er det ikkje muleg å finna Gjermund sitt innlegg på Computerworld for å lenka til det; der må CW skjerpa seg!

(og her kjem sjølve lesarinnlegget)
Gjermund Lanestedt etterlyser ein kritisk debatt om web 2.0 og verknaden for samfunnet. Eg er einig i at det er ein viktig debatt, men eg er ueinig med Lanestedt i prosess og framdrift.

Som forskar burde eg helsa Lanestedts utspel velkomme: her må vi ta det med ro og undersøka grundig konsekvensane før vi tek den nye teknologien i bruk. Det er vel forskingsstrategi i praksis. Men denne framgangsmåten står i skarp kontrast til sjølve web 2.0-fenomenet – og vi går glipp av mesteparten av innhaldet om vi tenkjer slik.

Det må ikkje oppfattast som at eg ikkje meiner web 2.0 har konsekvensar som ikkje treng grundig diskusjon. Det eg er redd for, er at alle dei skeptiske til den nye teknologien, og då tenkjer eg særleg på offentleg sektor, vil få gode grunnar til å utsetja ”web 2.0-ifiseringa” ytterlegare.

Det flotte med web 2.0-bevegelsen er at den kjem med gode og konkrete mulegheiter til å oppnå noko på området som er karakterisert av dei litt ulne begrepa ”brukarmedverknad”, ”brukarorientering”, ”ta brukarane på alvor” osv. osv. Web 2.0 handlar om å gi brukarane ei stemme. Det er klart den stemma kan brukast til å seia og skriva problematiske ting, men viss ikkje det var tilfelle, ville ikkje web 2.0 vore interessant som fenomen.

Konklusjonen min er at vi må diskutera kva vi vil oppnå med web 2.0, men vi skal ikkje sitja på gjerdet og venta på svaret og uforstyrra få driva den einvegs-kommunikasjonen som til no har vore dominerande.