Farleg nettutvikling

Post- og teletilsynet (PTT) si opning for at private aktørar kan krevja utlevert brukaridentifikasjon av nettleverandørane, representerer ei farleg nettutvikling. Ei utvikling der politikarane synest å ha innteke stillinga som passive tilskodarar i beste fall, i verste fall har dei ikkje peiling på kva som føregår.

Timinga var alt anna enn god, eller var det nettopp det den var?, då PTT i ei melding rett etter Pirate Bay-dommen kunngjorde ei opning for at private aktørar kan be om å få utlevert brukarinformasjon frå nettleverandørar i tilfelle mistanke om ulovlege handlingar (brot på opphavsretten først og fremst).

Simonsen Law let seg ikkje be to gonger, dei har lenge pressa på for å få dette gjennom, og ba Lyse Tele om brukardetaljar knytt til ei spesifikk IP-adresse. Grunngjevinga var at dei mistenkte vedkommande for å ha lasta opp ein kopi av filmen "Max Manus".

Lyse Tele nekta (sjølvsagt) og saka gjekk til Stavanger tingrett der ein kjennelse vart avsagt, som det vel heiter på jusspråket. Men då startar tvilsam handling nummer to: Kjennelsen blir hemmeleghalden etter krav frå advokatfirmaet. Grunngjevinga er fare for tap av bevis om kjennelsen blir gjort offentleg.

Bortsett frå Stavanger tingrett, Lyse Tele og Simonsen Law er det altså ingen som veit kva tingrettdommar Tom Wold kom fram til. Det er i seg sjølv urovekkjande i ei så prinsipielt viktig sak. Problemet her er sjølvsagt ikkje Simonsen Law og deira iver, problemet er at politikarane er heilt fråverande i ei sak som kan få så vidtrekkjande konsekvensar for utviklinga av Internett framover.

Det var Dagbladet som først melde frå om saka 5. mai, og nettsjef Anders Brenna i Teknisk Ukeblad har følgt opp og halde saka varm. Også IKT-Norge har engasjert seg , m.a. med ein kronikk av Torgeir Waterhouse i Dagens Næringsliv, 7. mai. Twitter har nærmast gått varmt om saka (søk på temaet #krevsvar listar alle innlegga om saka), og mange blogginnlegg er skrivne. Men det gjeld å få politikarane i tale, og då er nok tradisjonelle medium framleis best.

Sjølv har eg utfordra stortingsrepresentantane Ingrid Heggø (AP, Justiskomiteen) og Erling Sande (Sp, Energi- og miljøkomiteen og vara for Liv Signe Navarsete som jo er den som styrer PTT). Hittil har Erling svart, og han ser at saka er prinsipielt viktig og vil følgja den opp. Go, Erling!