Ida og Open Access

Funnet og tolkinga av fossilet "Ida" er ein sensasjon verda rundt. Den norske forskaren Jørn Hurum står i spissen for arbeidet og han har valt å publisera artikkelen i eit tidsskrift med open tilgang (Open Access).

Fossilet Darwinius masillae, betre kjent som "Ida", har vorte ein verdssensasjon og den norske forskaren Jørn Hurum er i sentrum for alt oppstyret. Eg vil også seia det er sensasjonelt at denne nyheita blir publisert i ein artikkel i ein såkalla open publikasjon (Open Access). Artikkelen som gjorde Ida kjendt for omverda, står å lesa i PLoS ONE, ein publikasjon med open tilgang publisert av non-profitorg. The Public Library of Science.

For forskarar er det publisering som tel, og det bør helst vera i publikasjonar som er meritterte og har ein viss status. Slike tidsskrift har auka sterkt i pris dei seinare åra og abonnement har vorte ein stor kostnad for dei fleste akademiske institusjonar. Men mykje av arbeidet med artiklar i slike tidsskrift er basert på dugnad, såkalla fagfelle-vurdering. Det er andre forskarar som les gjennom artikkelutkast og avgjer om dei passerer nålauga. I tillegg er mykje av forskingsarbeidet i utgangspunktet finansiert med offentlege midlar. Det er difor ikkje å undrast over at mange meiner at fri tilgang då bør vera det naturlege.

Alternativet Open Access starta som så mange andre fenomen i USA. Framveksten av OA hadde nøye samanheng med framveksten av Internett og verdsveven. Med nettet vart det plutseleg veldig enkelt å publisera for andre enn forlaga. Mange OA-journalar blir då også distribuerte berre via nettet, som t.d. PLoS ONE.

Takka vera open publisering av Ida-artikkelen kan alle med tilgang til internett lesa artikkelen med det same den blir publisert. PLoS brukar lisensieringssystemet Creative Commons på alt som blir publisert. Det medfører at forfattaren/-ane ikkje gir frå seg opphavsretten, men det også at kven som helst kan "download, reuse, reprint, modify, distribute, and/or copy articles in PLoS journals, so long as the original authors and source are cited. No permission is required from the authors or the publishers."

Uansett kva som blir resultatet av Ida-publiseringa, har Jørn Hurum & co. gjort ein viktig innsats for open tilgang av publikasjonar.