Crowdsourcing i praksis

"Crowdsourcing" er ein sentral del av web 2.0-ideen og er ein vri på "outsourcing". I staden for å setja arbeidet bort til ein ekstern leverandør, blir arbeidet sett ut til heile folket. Ein digital dugnad med andre ord.

NRKbeta har eit ypparleg eksempel på digital dugnad. Gjennom tenesta yr.no, eit samarbeidsprosjekt mellom NRK og Meteorologisk institutt, blir nye samarbeidsformer og dugnadsinitiativ prøvde ut. Det siste eg såg var koordinatfesting av postnummer.

Tilgang til vermelding via postnummer er sentralt på yr.no, problemet er at eit postnummer ikkje er punktfesta slik eit vervarsel må vera. Det finst merkeleg nok ikkje ei kopling mellom postnummer og koordinatar. Eit postnummer dekkjer eit område, ikkje eit bestemt punkt.

Erik Bolstad, redaktør for yr.no, tok difor initiativ til ei punktfesting av postnummer på NRKbeta og inviterte alle til å leggja inn koordinatar. I løpet av dei tre første timane etter blogginnlegget hans hadde det komme inn 512 responsar, og løpet av første dagen var nesten heile postnummer-registeret dekka! Eit fantastisk eksempel på krafta og mulegheitene som ligg i digitale dugnadar og det viser også kor ivrige mange av oss er etter å hjelpa til - utan at me skal ha betaling anna enn å få del i fellesgodene som blir skapte.