Små steg - i feil retning!

Parkeringsordninga ved Fosshaugane Campus er miljøfiendtleg!

Sogndal kommune har komme fram til ein parkeringsavtale med verksemdene rundt Fosshaugane Campus og det er bra. Prisen er sett til kr 1 200,- for eit heilt år og kr 900,- for eit halvt. Eg skal ikkje ta opp prisen i seg sjølv, men den merkelege rabattordninga som ligg til grunn her.

Sjølv prøver eg å sykla mest muleg, og eg tenkte at eit halvårs-kort vil vera ypperleg, då blir eg "tvinga" til å sykla halve året og det har både miljøet og eg godt av. Men når eit halvårskort kostar 50 % meir enn eit halvt årskort, vart det til at eg kjøpte eit årskort.

Eit halvt årskort skulle sjølvsagt ikkje ha kosta meir enn halvparten av eit årskort. Kva er grunngjevinga for å favorisera auka bilbruk? Her må kommunen ta til vit og gjera om slik at prisinga favoriserer miljøet. Det positive i saka er at eg ikkje var den einaste som hadde kommentert dette på service-torget i kommunen.