Andre veit kva du søkjer..

Innanfor forskingsområdet ”Brukarvennlege IT-system” har vi som namnet seier mykje fokus på ny informasjonsteknologi i bruk. Vi kjem ofte innom omgrepet Web 2.0 og ulike element i denne store samlinga av verktøy som Web 2.0 omfattar. Nokre av dei er har blitt nesten uunnværlege i dagleg bruk. Men det finst også uheldige sider ved desse nyttige verktøya.

Eg er ein stor tilhengar og brukar av søkjefunksjonar på internett. Sjølvsagt fordi informasjonsstraumen er stor og uhandterleg. Oppslagsverk som Wikipedia er bra, men ikkje nok. Heldigvis har eg verktøyet Google. Både søk, kart og e-post og mykje meir. Den nye store merkevaren. Konglomeratet av nye og nyttige tenester for meg. Representanten for den VELLUKKA andre .com-bølgja. Du trudde kanskje .com berre var ei fadese? Nja. Dei mest håplause ideane om rask profitt og lite innsats gjekk det heldigvis dårleg med. Dei var det MANGE av. Men internett skapar minst like mykje verdi no som dei optimistiske spådde før fallet. Men dette har du kanskje alt oppdaga sjølv på din arbeidsplass.

Litt fleire idear enn ein skulle tru frå optimismebølgja overlevde. Den norske portalen ABC Startsiden er framleis ei nyttig teneste for eit vanemenneske som meg. Portalar skulle alle lage ei stund. Ja, vi jobba med fleire slike på Vestlandsforsking og. Berre nettsida var oppe og designet var kult skulle pengane strøyme inn for den innovative grunder eller organisasjon. Eg går ut frå at ABC Startsiden overlevde på grunn av edrueleg pengebruk og sterkt fokus på nytte. Dei gav meg tidleg ei oversiktleg og nyttig informasjonsteneste med god brukarvennlegheit i sentrum for både katalogar og ulike søkefunksjonar. Og som regel med lite masande reklame.

Eg likar ikkje reklamen i toppannonsa i dag 05.09.07. Alt i eitt hår-fjernings-system-kampanje-få-prøvepakke-klikk-her. Det er kanskje ikkje eit personleg tilpassa tilbod for meg. HELDIGVIS. Det betyr at dei ikkje har samla inn all informasjon om meg og det eg har av interesser. ENNO. Det kunne dei kanskje lett ha gjort. Eg trur nemleg søkjemotorane samlar på litt for mykje slik informasjon. Det er lønnsamt å vite slikt. Heldigvis er eg blant dei som seinast har teke til å bekymre meg. Datatilsynet har fornuftig nok alt starta dialog med fleire søkjemotorar i følgje Digi.no.

Du var på nett og søkte etter noko sært. Kanskje var det på impuls etter å ha sett ein nyheitsartikkel eller etter ein krangel med nabo/kamerat/kone. Du kan no sjå på dette som lagra informasjon til seinare bruk og lure på kven som får vite det. Ufarleg seier du? BBCWorld sitt program Click informerte meg nyleg om at i august 2006 kom konsernet og internettleverandøren AOL i skade for å leggje ut 23 millionar Google-søk gjort av 650 tusen personar over ein periode på tre månader. Ooops. Eg lurer på rutinar for korleis AOL fekk søka frå Google og om mine søk kanskje er vidareformidla og. 

Innslaget i Click viste og fram lista over søkeorda til ein stakkar. Ekteskapet hans hadde havarert. Han var no ekstremt sjalu og ville ha hevn og var på leit etter metodar…  Søkjemotoren fekk ei utilsikta rolle som skriftefar og rådgjevar. Generelt sett ikkje heilt bra, men i dette høvet kanskje egna til å avverge skade.

Ver forsiktig! Elles risikerer du og eit hovudoppslag i BBCWorld.