Nettverksarbeid i Sogn og Fj.

Nettverksorganisasjonen har blitt kalla framtidas organisasjonsform. Dette er ikkje utan grunn. Nettverk har i mange samanhengar vist seg som ein effektiv måte å arbeide og samarbeide på både for individ, organisasjonar og bedrifter. IT-teknologi – særleg Internett – har bidrege vesentleg til utviklinga. I Sogn og Fjordane har det vokse fram ei rekkje sterke nettverk med mål å auke graden av innovasjon. Kanskje på grunn av næringsstruktur og spreidd geografi har det vore behov for og vilje til å ta i bruk nettverk som verkemiddel for verdiskaping og økonomisk vekst.

Fjordfylket har mange ulike nettverk for bedrifter. Dei er uformelle, ad hoc-orienterte samarbeidsstrukturar mellom bedrifter gjerne i ein bransje eller eit geografisk område. Nettverka er ofte små, fleksible og tilpassingsdyktige, men dei er ikkje alltid like synlege og lette å få innpass i for andre. Eit døme kan vere ei samling lokale bær- og grønt-produsentar, Lærdal Grønt , som samarbeider om kvalitetssystem, varesal og eksport til utlandet og som deler kunnskap lokalt. Eit anna døme er ei gruppe bedrifter i reiselivet i Sogn, Hotellgruppa i Sogn . Dei samarbeider for å oppnå betre konkurransekraft og auka inntening gjennom utvikling av eit heilskapleg kvalitetssystem som skal sikre konsistens i høve til profilen ”reisemål i verdsklasse”.

I tillegg til dei små nettverka finn vi også fleire større, meir formelle nettverk mellom bedrifter. Her vil eg peike på tre nettverk; Bedriftsnettverket , Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og NHO Sogn og Fjordane i tillegg til Næringshagane og Innovasjon Noreg sine formelle og uformelle nettverk. Kompetansemeklarane har hatt ein god dialog med mange av dei små lokale nettverka og alle dei store og har hjelpt bedriftene og nettverka med å definere og få finansiert utviklingsprosjekt.

Fjordfylket har og nettverk der det offentlege og næringslivet samarbeider aktivt. IT-forum Sogn og Fjordane med arbeidsgrupper som set fokus på ulike tema er endå eit eksempel. IT-infrastruktur er ei felles utfordring det er blitt arbeidd mykje med. Internasjonal satsing med deltaking i EU-program er ei anna viktig satsing. Det er samla erfaringar med bedriftssamarbeid gjennom EU sine rammeprogram for forsking og utvikling – og det blir no arbeidd med prosjektutvikling for det eksisterande (7.) rammeprogrammet. Kompetansemeklarane bidreg i dette arbeidet. IT-forum har vore arrangør for studieturar til Irland, Italia, Tyskland og Skottland der bedrifter deltek med tanke på internasjonalt samarbeid, partnarsøk og prosjektutvikling.

Framover har fylket valt å satse på vidareføring av slike aktivitetar gjennom VRI-programmet (verkemiddel for regional innovasjon), der involvering av bedrifter i FoU-aktivitet og internasjonalt arbeid er viktige målsetjingar.  Eit anna satsingsområde er regional utvikling i forhold til program som Regions of Knowledge . Det er ei EU-satsing som skal styrke forskingspotensialet til europeiske regionar. Mykje av næringslivet i fylket er eksportretta industri og næringar med sterkt internasjonalt fokus. Det er viktig å forsterke og støtte bedriftene i dette arbeidet gjennom samarbeid med andre regionar. Deling av erfaringar og effektiv kunnskapsspreiing er ein effekt av og eit viktig aspekt ved nettverksorganisasjonar.

EU har eit ønskje om å auke forskingspotensialet ved å støtte regionale klynger med fokus på forsking og som koplar bedrifter, regionale myndigheiter og utdannings- og forskingsinstitusjonar. Her er det viktig å få til gode nettverk både med bedrifter, forsking/utdanning og offentlege myndigheiter frå ulike regionar. I Sogn og Fjordane er slike samarbeid etablert på mange nivå, men enno kan nettverka utviklast vidare til meir robuste, men samstundes fleksible strukturar som tillet auka innovasjon og verdiskaping i " Framtidsfylket ...".