Alt vi ikkje veit

I aprilnummeret av "Forskerforum", tidsskriftet for Forskarforbundet, har eg eit lesarinnlegg med kommentar til debatten rundt Snåsa-mannen. Dessverre har ikkje Forskerforum lagt ut innhaldet på nettet, så i staden for å lenka til innlegget, gir eg det att her.

Eg har lese siste Forskerforum om vitskap og folketru m.m. med interesse. Utan at eg har følgt med i dei mange TV-diskusjonane rundt Snåsa-mannen, sit eg med ei oppfatning av at problemet kokar ned til eitt ord: Arroganse.

Forskarar, godt eksemplifisert ved m.a. Kristian Gundersen og Einar Kringlen, blir ofte oppfatta som arrogante og betre-vitande. Dette er eit at dei største problema med forskingsformidling. Eg trur også det inst inne er svært begrensande for forskarane sjølve, det rokkar ved den grunnleggjande nysgjerrige og opne haldninga forskarar må ha. Eit spørsmål vi ofte må stilla oss som forskarar er: Når overraska vi oss sjølve og forskingsmiljøet sist?

Etter å ha arbeida i forskingsverda i 12-13 år, har eg sett at ei slik nysgjerrig og open haldning ikkje er sjølvsagt, eg meiner faktisk at det motsette ofte er tilfelle. Eg trur det også forklarer ein del interessante eksempel der forskarar (eller folk med annan bakgrunn) har komme inn på eit for dei nytt fagfelt, og oppdaga heilt nye ting. Dei har då gått inn på fagfeltet heilt utan avgrensande fordommar og vore i stand til å sjå nye samanhengar. Det er viktig å leggja seg på minnet at dagens vitskap ofte er gårsdagens mystikk.

Det betyr ikkje at vi skal leggja oss flate for alle påstandar, men møta dei med ei audmjuk haldning grunna i alt vi ikkje veit.