VF først med blogg?

Vestlandsforsking først ute (trur vi?) i instituttsektoren med eigen blogg!

Vestlandsforsking gjorde i 2006 eit kvalitetsløft på vevsidene våre gjennom å bygge nye semantiske vevsider ved hjelp av emnekart-teknologi. Vi har fått god uttelling i form av god søkbarheit og i form av funksjonalitet på sidene.

Neste steg for oss var blogg på vevsidene våre. Med det ønskjer vi å invitere til innspel, kritikk, synspunkt på tema vi arbeider med i forskingsarbeidet vårt. Ein uformell kanal der vi kan meine og drøfte forsking fritt. Og få tankar og innspel vi ikkje ville fått gjennom andre kommunikasjonsformer.

Blogg tenker eg er ein av mange nye kanalar for medverknad; ein lavterskel måte å få fleire i tale. Ved å legge ein blogg på våre vevsider ønskjer vi å prøve det ut som dialogarena på seriøse område.

Vi set stor pris på at Fornyings- og administrasjonsministeren vår, Heidi Grande Røys, er den første bloggaren hos oss! Det teiknar godt både for fornying og demokratiutvikling, og før vi veit ordet av det skal du skal sjå at Heidi har eigen blogg...