Framtidas Internett

"The Future of Internet and How to Stop It" er den tankevekkjande tittelen på ei aktuell bok av Jonathan Zittrain, professor ved Harvard Law School og assisterande direktør ved Harvard-baserte Berkman Center for Internet & Society. I boka beskriv Zittrain ei utvikling som kan føra Internett frå eit ope og skapande nettverk til ei lukka og kontrollert plattform fullstendig styrt av produsentane.

Det ”nye” Internettet
Apple har nyleg lansert mobiltelefonen iPhone i Norge og resten av Europa og skapt store forventningar, men også masse oppstyr. Mykje av oppstyret er knytt til prising og låsing frå operatøren si side, lite går på den lukka plattforma. Apple er gode på design og marknadsføring og den nye telefonen er utan tvil innovativ på mange område. Men den er på same tid også eit eksempel på korleis utviklinga mot framtidas Internett kan gå. Telefonen er ikkje ei open plattform for utvikling av nye program og tenester, men lukka og nøye kontrollert av Apple. Apple kan bokstaveleg tala berre med eitt tastetrykk senda ut oppdateringar som tilbakestiller og skriv over alle tillegg og endringar du har gjort med telefonen.

Den skapande plattforma
Den lukka og kontrollert verda Apple tilbyr gjennom iPhone står i skarp kontrast til den opne og skapande verda Internett og PC-en har tilbydd.
Den moderne PC-en vart lansert av IBM i august 1981 og vart tilbydd med ein open arkitektur. Dei tekniske spesifikasjonane var opne og dokumenterte slik at kven som helst kunne byggja ein PC eller laga tilleggskomponentar utan lisensieringskostnader. Operativsystemet hadde også eit dokumentert grensesnitt slik at alle som ville, kunne utvikla program utan å spørja nokon om lov. Programma måtte ikkje godkjennast av Microsoft eller PC-leverandøren først.

Internettet vart bygt som eit ope nettverk der kven som helst kunne leggja til og utvida ved å følgja dei tekniske spesifikasjonane. Til saman har Internett og PC-en skapt ei open plattform med eit potensial for innovasjon som vi sjeldan har sett maken til. Og innovasjon har det vorte – det er berre å sjå på utviklinga innan IT dei siste 25 åra, og særleg dei siste 10-12 åra då nettet for alvor vart teke i bruk.

Suksess med kraftig rekyl
Kombinasjonen av eit ope nettverk og ei open plattform for endepunkta i nettet (PC) har vore ein suksess. Men suksessen har ikkje komme åleine. Saman med eit mylder av nye elektroniske tenester har vi også fått eit enormt problem med vondsinna programvare og handlingar på nettet (malware). Det er nok å nemna virusproblem, spam, identitetstjuveri og økonomisk svindel. Jonathan Zittrain er pessimistisk i vurderinga av problema. Han meiner desse veksande problema er i ferd med å øydeleggja den opne, skapande plattforma heilt.

Barnet ut med badevatnet
Dei lukka og kontrollerte boksane (iPhone og andre dingsar knytte til Internett) kjem som eit svar på problema den opne plattforma har ført med seg. Som Steve Jobs forklarte under lanseringa av iPhone i USA: ”Du vil ikkje at mobiltelefonen din skal vera som ein PC. Det siste du ønskjer er å ha starta tre program og så oppleva at du ikkje kan ringja...”. Akkurat det argumentet er ikkje vanskeleg å kjøpa. Men i forlenginga av dette ligg det altså eit lukka og kontrollert univers styrt av produsentane. Vi risikerer altså å kasta barnet ut med badevatnet ved å gi oss inn på denne vegen.

Wikipedia som alternativ modell
Ved berre å lesa innleiingskapitla i Zittrains bok, kan ein bli nokså desillusjonert og synast at ei utvikling mot Internett-kollaps med påfølgjande gradvis lukking av nettverket, er uunngåeleg. Men Zittrain meiner det er håp, og viser til Wikipedia som ein muleg modell også for Internett-utviklinga generelt. Wikipedia er eit ope, nettbasert leksikon som kven som helst kan oppdatera. Ideen høyrest vanvittig ut, men har vist seg å fungera overraskande godt. Wikipedia har sjølvsagt også problem med juks og fanteri, men har utvikla mekanismar for å halda misbruket i sjakk. Desse mekanismane er i stor grad tufta på sosial kontroll. Som Wikipedia-brukarar blir vi oppmoda om å kontrollera innhaldet og seia frå om det er noko som ikkje stemmer.

Erfaringane frå Wikipedia er at sosial kontroll kan vera eit viktig verkemiddel for å stoppa uønska åtferd. I staden for reguleringar og tekniske hindringar, er poenget å setja i system den kontrollen kvar og ein av oss kan utøva når vi sjølve er inne og brukar Wikipedia. Historikk over alle utførte endringar og eigne diskusjonssider for alle artiklar er standard verktøy for denne sosiale kontrollen. I tillegg kjem ulike tekniske verktøy i form av program for automatisk overvaking.

Kva med Norge?
Norge er eit lite land i verda, og i Internettsamanheng er vi også små. Men historisk har Norge hatt ein sterk posisjon og vore mellom dei første landa utanom USA til å ta i bruk Internett. Også når det gjeld relativ bruk av Internett er vi mellom dei fremste. Norge kan takka framsynte pionerar, med Yngvar Lundh og Pål Spilling ved Forsvarets forskingsinstitutt i spissen, for å ha komme raskt på bana med Internett og også bidrege til utviklinga.

Vi har mykje å følgja opp her, for i dag markerer ikkje Norge seg særleg med tanke på utviklinga av sjølve Internett. Regjeringa si Stortingsmelding Eit informasjonssamfunn for alle gir eit godt bilete på kor viktig nettet har vorte i kvardagen vår og gir også nokre gode forslag til forbetring av tenester og tenesteområde. Men meldinga tek Internett for gitt og manglar heilt ambisjonar om at Norge kan delta og påverka utforminga og utviklinga av denne viktige plattforma.

Eg føreslår ei oppretting av ein norsk variant av Berkman Center for Internet & Society. Internett er for viktig til at vi kan overlata utviklinga til USA åleine, og det trengst ein kraftig innsats i tillegg til dei etablerte standardiseringsorganisasjonane som alt finst for Internett.