Bitcoin - heildigital valuta

Den heildigitale valutaen Bitcoin har fått mykje merksemd i det siste, ikkje minst fordi kursen på valutaen har gått til himmels. Men betyr det at det er ein bra valuta?

Bitcoin er eit skikkeleg hackerprosjekt, og då er 'hacker' brukt i positiv forstand. Det vart lansert i 2009 av den mystiske Satoshi Nakamoto, ein identitet ingen har klart å avsløra til no.

Valutaen var eit svar på finanskrisa og er konstruert slik at det ikkje er nokon sentral instans som kontrollerer den. Det er ingen sentralbank og ingen stat som kan gripa inn i valutaen, anna enn eventuelt å forby den.

Eg skreiv eit blogginnlegg på min eigen blogg for eit års tid sidan, og den fanga NRK si interesse slik at eg vart beden om å skriva ein kronikk om Bitcoin på NRK Ytring. Ut frå kronikken laga også NRK Sogn og Fjordane eit oppslag om saka, og på min eigen blogg er det ein diskusjon om fordelar og ulemper med valutaen.

Til slutt er det viktig å understreka at dette er ikkje noko verken eg eller kollegaene mine forskar på. Det er interessa for teknologien som gjer at eg har skrive om dette.