Kåre Kalstad: Gratulera med dei første 25 åra

Kåre Kalstad var den første direktøren i Vestlandsforsking.

Kåre Kalstad:

24.02 fekk eg ein sms som starta medKåre Kalstad

"Hei Kåre Kalstad. Vestlandsforsking er 25 år 13. mars! ……". Vidare vart eg, som den første direktøren ved VF, spurt om eg ville delta i den "blogg-stafetten" som vert innleia i dag.

For meg var det ikkje noko vanskeleg å takke ja til eit slikt spørsmål, og i det eg hadde gjort det, byrja også erindringane frå den tida å rulle på.

Etter vedtaket om å etablere VF i mars, var sjølvsagt ein av dei første gjeremåla å utlyse stillinga som direktør for stiftinga. I eit fylke som Sogn og Fjordane, og ei bygd som Sogndal, var dette sjølvsagt ein av "snakkisane" i den perioden, og mange deltok i diskusjonane om kven som kunne vere aktuelle for ein slik posisjon. Eg trur nok få hadde sett sine pengar på meg. Georg Arnestad, som allereie då var ein ivrig deltakar i det offentlege ordskiftet og redaktør for tidskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane, omtala då òg tilsetjinga av meg ("søkarlista sin Benjamin") som ei overrasking. Men, kanskje var det greit at det var ein 29-årig Benjamin som vart den første direktøren. 1. oktober 1985 vart eg motteken av direktøren for det Regionale Høgskulestyret, Bjørn Tønnesen, i kontorlokala i "Guro Ness-bygget". Det einaste som var klart med institusjonen då var at VF skulle dele lokasjon med Høgskulestyret, samt at det øverst på den tildelte kontorpulten min låg ei tynn utgreiing (med grønt omslag) om grunnlaget for etableringa av VF. Grunnfondet sin storleik var vedtatt å vere 4 millionar, men førebels stod det att vel 2 millionar å samle inn.

Første oppgave, med høg prioritet sidan det både skulle sikre institusjonen og eiga løn, vart difor å få på plass grunnfondet. Dette måtte sjølvsagt gjerast samstundes som det vart starta eit  arbeid med sikte på å få inn oppdrag til VF. Grunnfondet viste seg lett å fylle opp. I arbeidet med å få inn oppdrag til VF, viste det seg at det var skepsis både i fylkeskommune, kommunar og næringsliv til Vestlandsforsking, eller skal eg seie til forsking generelt. Den same skepsisen var og ein av grunnane til etableringa av dei regionale forskingseiningane: sameksistensen mellom dei regionale høgskulane og fylkeskommunar, kommunar og ikkje minst det lokale næringsliv fungerte ikkje slik dei sistnevnte hadde tenkt seg at det skulle. Ein del av bakgrunnsteppet for dette forholdet på den tida var ein heller, etter mitt skjønn "naiv" diskusjon mellom relativt nye institusjonar: dei tilsette ved DH meinte at den forskinga som dei gjorde som ein del av sine stillingar var fri forsking, medan arbeid som vart gjort av dei regionale forskingseiningane ikkje kunne reknast som forsking sidan nokon hadde betalt dei for å gjere det.

I ei slik setting opplevde eg det som ei stor føremon at eg sjølv var Sogn og Fjording, både ved at eg snakka dialekt og ved at eg kjende fylket godt gjennom å ha vakse opp i det. Dette gjorde sitt til at forsking ikkje var det første dei tenkte på når eg møtte folk, anten dei kom frå fylkeskommunen, kommunane eller næringslivet – det var noko ein kunne tilnærme seg på ein naturleg måte etter kvart som samtalen utvikla seg. Etter kvart gav jo også dette resultat, ved at vi fekk inn våre første oppdrag, og allerede i desember 1985 gjorde vi vår første tilsetting av fagleg personale. I løpet av vinteren vart ytterlegare to personar tilsett.

Med desse tilsettingane måtte vi sjølvsagt også ha ein jamn tilgang av oppgåver som sikra likviditetstilgangen til utbetaling av løn og andre utgifter, sidan pengar frå grunnfondet ikkje kunne brukast til det og kassakreditt enno ikkje var innvilga. I ein oppstartingsfase var det ikkje alltid lett å få til, og som ein kuriositet vil eg nemne at i ein månad der betalinga frå ein av oppdragsgjevarane var forsinka var det ikkje nok pengar til løn. Vi greidde likevel til slutt å betale ut løn til alle dei tilsette, men for meg vart det smalahans den månaden sidan eg måtte vente til vi fekk inn det uteståande. Då var det godt at familien også hadde ein tilsett i (ein etablert del av) offentleg sektor.

Det var kanskje denne smalahansmånaden som inspirerte meg til å delta i den komiteen som dei regionale forskingsstiftingane sette ned for å få på plass ei årleg statleg grunnløyving for å sikre stabilitet i inntektstraumen, slik dei nasjonale forskingsinstitusjonane hadde. Sjølv om vi starta opp arbeidet med stor entusiasme i 1986, trur eg likevel det var få, om nokon, utanfor komiteen som hadde trudd at det skulle ende opp med konkrete resultat. At det allereie hausten 1987 vart innlemma ei grunnløyving til VF på 1 million kroner i statsbudsjettet for 1988, var difor svært inspirerande og trur eg, svært viktig for VF si vidare utvikling.

Som nemnt vart det etter kvart fleire og fleire oppdrag som kom til og dermed fleire og fleire tilsette. Til slutt måtte eg flytte ut av kontoret mitt og inn i det einaste ledige rommet i Guro Ness-bygget. Det var det vi tidlegare hadde brukt som kopirom og var så lite at eg kunne sitte med ei hand ut vindauget og samstundes ha den andre ut døra. Sidan vi òg hadde fleire tilsette på veg inn, starta leitinga etter nye lokale. Loftesnes Pensjonat gjekk på den tida konkurs og vi fekk leige det. Her fekk alle kontor med dusj og toalett og vi vart den einaste forskingsinstitusjonen med restaurant med alle rettar i første etasje!

Avslutningsvis må eg seie at det gler meg og sjå at kvinnedelen ved VF er på veg opp att. Det var ein av dei målsettingane vi hadde i startfasen for VF, at det skulle vere ei jamn kjønnsfordeling og for å få til det innførte vi faktisk ein regel om at dei som fekk barn hadde rett til kr 10 000 i fødselsstipend. Dette skulle bidra til at dei fekk 1 månad  ekstra fri, utover dei tre månadene med lovfesta svangerskapspermisjon. Dette resulterte i ein sterk kvinnedel i starten.

Utviklinga til Vestlandsforsking har etter mitt syn vore meir positiv gjennom dei 25 første åra enn nokon forventa ved oppstarten. Eg vil difor takke og gratulere alle som har vore med og gjort denne utviklinga mogeleg, og samstundes ønskje Vestlandsforsking lykke til med dei neste 25.