7 råd for å "tenkja web"

Uttrykket å "tenkja web" betyr her ei djupare forståing for korleis web-en fungerer og korleis ein kan støtta dei grunnleggjande prinsippa for den.

Råda spesifiserte under, er henta frå Jon Udell, Microsoft. Fleire av desse råda heng saman med råd om opne data omtala i eit tidlegare  blogginnlegg.

For dei som har arbeida med Internett sidan det kommersielle gjennombrotet, er Jon Udell truleg godt kjend. Han var tidlegare skribent i det respekterte tidsskriftet BYTE, eit tidsskrift som dessverre gjekk inn i 1998.

1. Ver den autoritative kjelda for eigne data
(”Be the authoritative source for your own data”)

Også NRKBeta har lansert eit liknande slagord (kalla NRKBeta-doktrinen)  i sitt arbeid for å gi slepp på data samstundes som ein ikkje reduserer seg sjølv og sin eigen autoritet. Det handlar om å tora å dela data, men på same tid gjera det tydeleg kven som står bak dei.

2. Overfør ved referanse, ikkje verdi
(”Pass by reference, not by value”)

Eit eksempel: Når du sender ein URL til nokon, overfører du ved hjelp av referanse, ikkje verdi. Alternativet er å kopiera innhaldet og senda det (som verdi)

3. Ver merksam på skilnaden på strukturerte og ustrukturerte data
(”Know the difference between structured and unstructured data”)

Dersom du viser ein kalendar som ei rein HTML-side, eller verre: som ei pdf-fil, viser du ustrukturerte data. Dersom du publiserer kalendaren din som iCalendar (standard for kalendarinformasjon), sender du strukturerte data som maskinene kan tolka.

4. Bruk disiplinerte namne-konvensjonar
(”Create and adopt disciplined naming conventions”)

Tydeleg namngiving lettar seinare bearbeiding og aggregering av data. Eit eksempel er t.d. å oppgi eit tydeleg Twitter-emneord (hashtag) for eit arrangement.

5. Distribuer data til så mange som muleg
(”Push your data to the widest appropriate scope”)

Sender du ein epost, når den ein eller fleire personar. Skriv du eit blogginnlegg på eit intranett, når den alle i bedrifta. Skriv du eit blogginnlegg på web-en, når den potensielt heile verda.

6. Delta i nettverk både som bidragsytar og lesar
(”Participate in pub/sub networks as both a publisher and a subscriber”)

Igjen er blogg-sfæren det beste eksempelet. Diskusjonane i kjølvatnet av eit innlegg er det som gir meirverdi til den opprinnelege informasjonen.

7. Gjenbruk komponentar og tenester
(”Reuse components and services”)

Dei som ”forstår” web-en veit at det er viktig å utvikla med tanke på gjenbruk. Komponentar må utformast slik at dei kan gjenbrukast også av andre, og som utviklar er du også avhengig av å kunna bruka komponentar andre har utvikla. Dette er ein del av å realisera web-arkitekturen ”small pieces loosely joined”. Mange av dei mest vellykka applikasjonane/tenestene på nettet er utvikla etter denne modellen.