Internasjonal konferanse om klimatilpassing i Florø

26. – 27. oktober 2010 held Vestlandsforsking, Flora kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune ein internasjonal konferanse om klimatilpassing i Florø.

Programmet er særleg retta mot kommunar, fylkesmannen, fylkeskommunar, privat næringsliv og organisasjonar som vil ha innsikt i korleis ein kan arbeide med tilpassing til klimaendringar lokalt.

Konferansen er i regi av det internasjonale samarbeidsprosjektet Clim-ATIC . Prosjektet har deltakarar frå nordlege delar av Sverige og Finland, i tillegg til Grønland, Skottland og Noreg. Felles for prosjektdeltakarane er at dei har arbeidd med lokal og regional klimatilpassing. Døme på demonstrasjonsprosjekt i Clim-ATIC er befolkningsvarsling i samband med ekstremvêr (Noreg), hundekøyring og vinterturisme i eit varmare klima (Grønland og Finland), flaumførebygging (m.a. Skottland). I Sverige har den store skidestinasjonen Åre gått inn for tilpassing til framtidas klimapolitikk ved å setje eit mål om at minst halvparten av dei tilreisande skal ta tog i staden for bil og fly. Åre sine tiltak er eit døme på ei ny form for klimatilpassing.

Erfaringane frå dei ulike landa gjennom tre år blir eit viktig tema i Florø. Deltakarane vil formidle det dei har arbeidd med ved hjelp av innlegg, ei utstilling på Flora samfunnshus og korte filmar. Deltakarar frå alle landa er tilgjengelege for samtalar og spørsmål i vrimleområdet.

Programmet opnar med eit høgaktuelt innlegg ved leiaren for regjeringsoppnemnde klimatilpassingsutvalet, fylkesmann Oddvar Flæte. Utvalet greier ut sårbarheit og behov for tilpassing til klimaendringar i Noreg, og skal i november legge fram ein NOU-rapport for regjeringa. Vi får også høyre Snorre Valen i energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Andre føredrag er ved professor William Lafferty (UiO) og klimaforskar Martin Miles ved Bjerknessenteret for klimaforskning.

I tillegg til den faglege delen av programmet kjem lokale ekskursjonar. Det er òg høve til å delta på ein 1-dags studietur 28.oktober gjennom ”klimatilpassingsfylket Sogn og Fjordane” frå Florø til Leikanger. Undervegs får deltakarane sjå og høyre om problemstillingar knytt til klimasårbarheit (deltaking krev påmelding til iah@vestforsk.no).

Konferansen går føre seg på Flora samfunnshus sentralt i Florø. Deltaking er gratis. Påmelding, reisemåtar og overnattingstilbod er omtala på nettsida http://www.clim-atic.org/. Kontakt gjerne Vestlandsforsking dersom du har spørsmål: iah@vestforsk.no eller 906 33 600.

npp-logo