Seminar om innovasjon i offentleg sektor
Vestlandsforsking arrangerer i dag (26.10.12) seminar om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Den nye offensiven frå Forskingsrådet på dette området er ein viktig bakgrunn.
Forskingsrådet har sett innovasjon i offentleg sektor på kartet og til seminaret kjem divisjonsdirektør Jesper Simonsen for å orientera om kvifor dette er viktig for dei. Direktør Paul Chaffey i Abelia vil reflektera over kvifor innovasjon i offentleg sektor er viktig. Elles blir det korte innlegg av lokale leiarar i fylket og drøfting av vidare arbeid med dette temaet.
Her er programmet:
FORSKINGSBASERT INNOVASJON I OFFENTLEG SEKTOR
-kva er forskingsbasert innovasjon?
-kva er behova og kva kan vere strategiar i vårt fylke?
-har vi grunnlag for samarbeid?
Arrangør:
VF og HiSF i samarbeid med Forskningsrådet
PROGRAM:
FoU i offentleg sektor – innovasjon og nyskaping – kva problem vil vi løyse i Sogn og Fjordane?
10.15 Kaffeprat
10.30 Kvifor satsar Forskningsrådet på innovasjon i offentleg sektor?
Divisjonsdirektør Jesper Simonsen, Norges Forskningsråd
11.00 Kva meiner vi med innovasjon – og kva skal vi med innovasjon i offentleg sektor?
Ein refleksjon v/adm.dir Paul Chaffey, Abelia
11.30 Kva behov skal vi møte med forsking, innovasjon og nyskaping i offentleg sektor i vårt fylke, og kva er vår rolle?
Korte innlegg:
V/Fylkesrådmann Tore Eriksen, Sogn og Fjordane fylkeskommune
V/Fylkesmann Anne Karin Hamre, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
V/Regiondirektør Halvor Flatland, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
Drøfting
12.15 Lunsj
13.00 Rundebordsdiskusjon med korte førebudde innlegg:
- Forsking og innovasjon – kva behov er viktig for kommunane å møte? V/styreleiar Jenny Følling, KS Sogn og Fjordane
- Kan vi gjennom innovasjon endre arbeidsformer og haldningar? V/fylkesdirektør Tore Thorsnes, NAV Sogn og Fjordane
- Forsking og innovasjon i helsetenesta og i samhandling med omverda V/samhandlingssjef Vidar Roseth, Helse Førde
- Difi som innovasjonsaktør, korleis vil vi bidra? V/avd.direktør Jostein Fondenes, Difi
Drøfting
14.15 Korleis kan vi i samarbeid bidra til å auke nytten av FoU i offentleg sektor?
Korte innlegg frå forskingsmiljø
- Høgskulen i Sogn og Fjordane v/viserektor for forsking Erik Kyrkjebø
- Vestlandsforsking v/direktør Agnes Landstad
- Regionalt Forskingsfond Vest-Norge ved styreleiar Åshild Kjeldsnes