2010 - nok eit fagleg godt år for Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er i jamn og god fagleg utvikling, seier styreleiar Knut M.Olsen etter at årsrekneskap og årsmelding for 2010 er behandla i styret. År for år har forskarane auka forskingsaktiviteten og levert fleire vitskaplege publikasjonar, som er målestokken for kvalitet og aktivitet på forskingsarbeidet.

I 2010 leverte dei 27 forskarane 20 vitskaplege artiklar eller bokkapittel. Det er ein vitskapleg produksjon pr forskar på same nivå som dei store, nasjonale samfunnsforskingsinstitutta. Samtidig er Vestlandsforsking det regionale instituttet med høgast del internasjonale forskingsoppdrag, som også er eit mål på at forskingskvaliteten er god og at ein arbeider med forskingstema som er interessante også internasjonalt. I 2010 henta Vestlandsforsking 14% av inntektene frå internasjonale kjelder.

Stiftinga Vestlandsforsking hadde i 2010 ei omsetning på 27,6 mill kr og eit overskot på 0,5 mill kr. Instituttet brukar relativt store ressursar på fagleg vedlikehald og utvikling på forskingsområde som er viktige i samfunnet. Vestlandsforsking driv tverrfagleg oppdragsforsking på klimasårbarhet i samfunnet og tilpassing til klimaendringar, på fornybar energi, på berekraftig reiseliv, på innovasjon i rurale område og på IT og framtidas internett. I så godt som alle forskingsprosjekt samarbeider ein med regionale, nasjonale og internasjonale forskingsmiljø i tillegg til bedrifter eller offentlege verksemder.

Forskingssenter for berekraftig reiseliv er eit særleg viktig utviklingsområde for Vestlandsforsking. Her arbeider ein med kunnskapsutvikling for eit meir berekraftig reiseliv, dvs både med miljøfokus, verdiskapingsfokus og velferdsfokus. Reiselivsforskinga kombinerer også forskingsaktiviteten på klimasårbarhet i samfunnet, på fornybar energi, transport og miljø og forskingsaktiviteten på IT og innovasjon.

Vestlandsforsking hadde i 2010 samla 31 tilsette. Av desse var 27 forskarar, derav 8 kvinnelege forskarar. Åtte forskarar ved VF har doktorgrad, to av desse har professorkompetanse. I tillegg er det fire forskarar som arbeider med doktorgrad i 2010.

Kontaktpersonar:

Styreleiar Knut M. Olsen, tlf. 92 23 02 02, knut-magnus.olsen@stortinget.no

Direktør Agnes Landstad, tlf. 91 54 66 10, agnes.landstad@vestforsk.no